Sjå denne kjempa. Skogens konge! Eit naturens under! Eg blir både imponert og fascinert av fancy oppfinningar og ny teknologi, men endå meir av naturen si enorme skaparkraft! Denne giganten, som balanserer på ein tørr sandrabb nedanfor Heggesetra i Valldal, er ein verdig ambassadør for kva fotosyntesen kan stelle i stand.

Det begynte så forsiktig ein gong, for lenge, lenge sidan. Eit ørlite frø kom seglande med vinden og falt til jorda. Ingen la merke til den vesle skapningen, men ein dag sprakk skalet, og ein liten kime kikka fram. Og den visste kva den var etla til!

Straks vende den seg både opp- og nedover for hjelp. Heile naturen sin storfamilie stilte opp, det vil seie luft, vatn, jord og sol, og snart var kimen blitt til kvist og til ei vever lita stamme. Kvar gong, når «vårsol i bakkane blenkte», vakna den vesle spiren av dvalen, strekte seg mot lyset, kom opp av krattet og vart etter kvart Skogens Konge.

Sjølv om Kongen i vaksen alder blei grov i barken, opplevde den å bli beundra av tallause budeier, jegerar og andre fjellvandrarar. Mannsalder etter mannsalder kom og gjekk og gjorde råsa over sandryggen om til ei grop. Somme stoppa nok opp og undra seg over kvar denne «skårungen» fekk kreftene ifrå, før dei igjen hasta vidare i jakta på lukke og rikdom!

Kanskje ligg lukka – og rikdommen – for oss menneske, nettopp i å ta vare på slike byggverk som naturen har reist? Det er mykje lukke og sjelefred å finne, berre ved å ligge på ryggen i graset under Skogens Konge. Ligge der og la tankane vandre fritt «hvor hen de vil». Bakover i tid og framover inn i æva. Berre å sleppe opp, og ta i mot rikdomen. Ein rikdom som er heilt gratis!

Måtte vi alle hoppe av hamsterhjulet eit lite bel, og i audmjuk respekt ta innover oss at fotosyntesen er den einaste verkelege verdiskaparen i universet vårt! Dette til ettertanke i vår elleville beundring av den menneskeskapte teknologien. Den vil aldri nå naturen lengre enn til anklane. Sjølvaste Reodor Felgen kjem til kort.

Naturen si eiga perpetuum mobile er suveren. Men – vi menneske kan likevel sette kjeppar i hjulet, og no brenn det i «livets bibliotek». Brenn fordi vi ikkje respekterer naturen sine tolegrenser. Eg klyngar meg likevel til håpet om at vi får visdom og forstand til å berge planeten vår – den einaste vi har!

Med ønske om ei fin helg i naturen! God tur i respekt og beundring. Der ute er det «sol»- uansett ver!