Dersom lovframlegget frå regjeringa ikkje vert endra når det gjeld definisjonen på kva eit læremiddel er, ser framtida for nynorskelevane mørk ut.

Stortinget, som skal vedta lova, har det endelege ansvaret. Men kommunane og fylkeskommunane i nynorskområda har også eit stort ansvar for at elevane deira får den undervisninga dei har rett på, og dei må utøve dette ansvaret no! Tida er knapp.

Kva er saka? «Skulen skal bruke læremiddel, og læringsressursar som er utvikla til bruk i opplæringa som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.»

Eit heilt rimeleg krav, vil dei fleste tenkje. Men slik tenkjer merkeleg nok ikkje regjeringa i lovframlegget sitt til ny opplæringslov, som kunnskapsminister Tonje Brenna la fram 24. mars.

Det som er understreka ovanfor er Noregs Mållag sitt framlegg til utviding av læremiddeldefinisjonen, slik at definisjonen er i pakt med vår tid. Parallellitetskravet, nynorsk og bokmål til same tid og same pris, må også gjelde læringsressursane som er utvikla til bruk i opplæringa.

Framlegget får støtte frå ei rad kommunar, lokal- og fylkeslag i Arbeiderpartiet og Senterpartiet og andre politiske parti, frå institusjonar og organisasjonar som til dømes Utdanningsforbundet. Språkrådet, som er staten sitt eige fagorgan for språkspørsmål, støttar også framlegget.

I dagens skulekvardag brukar elevane ei mengd ulike læringsressursar laga for undervisninga i skulen, og dei fleste er digitale. Dei er nyttige, men dei er stort sett berre på bokmål. Det er gongetabells-appar, lesetrenings-appar, lære-seg-land-i-verda-appar osb.

Om den gamle læremiddeldefinisjonen vert ståande utan parallellitetskravet til desse læringsressursane, vil læremiddelprodusentane kunne halde fram med å produsere dei berre på bokmål. Slik vil lærarar og skular i nynorskområde stå i den ekstremt vanskelege valsituasjonen der dei må anten velje bort desse bokmålsappane, eller bite i det sure eplet og bruke dei, og elevane deira får undervisning på feil språk.

Skrekkvisjonen vår er ein skulekvardag for nynorskelevane som er meir eller mindre heildigitalisert og med berre dei digitale læringsressursane på bokmål. Utviklinga går snøgt!

Det departementet sjølv kallar «generelle læringsressurser», som avisartiklar, leksikon og til dømes NRK Super, skal sjølvsagt kunne nyttast utan språkkrav, slik det alltid har vore.

Opplæringslova skal trygge alle norske skuleelevar, og skal mellom anna sjå til at nynorskelevane får same vilkåra som bokmålselevane til å lære språket sitt. Slik er det ikkje i dag, og viss lovframlegget frå regjeringa utan parallelliteskrav til læringsressursar utvikla for bruk i opplæringa vert ståande, vil det få katastrofale følgjer for nynorskelevane.

Gode politikarar og skuleeigarar! Det er framleis tid til å sikre elevane dykkar ei opplæring på rett språk! Og de veit kva jobb som må til for å lukkast med det.