Når Møre og Romsdal fylkeskommune no skal kutte i budsjetta er det viktig å få fram kva konsekvensar dette kan få. Slik det ser ut no, vil konsekvensane bli enorme for dei vidaregåande skulane.

For nokre år sidan fekk skulane kuttkrav, og med desse fjerna ein tilboda som var mindre populære. Med kuttkrava som ligg føre oss no, er det grunnmuren som plukkast frå kvarandre.

Leiingane rundt omkring på skular må no kutte til beinet. Krava til mindreforbruk kan ikkje dekkast i å avbestille abonnement på aviser, eller å ta inn kaffipengar frå tilsette. No må ein diskutere alvorlege kutt og konsekvensar.

Er det berekraftig at elevar ikkje får faga som trengst for spesielle utdanningar?

Er det berekraftig med elevar som sit aleine i opptil eit par veker fordi det ikkje er midlar til vikarar?

Er det berekraftig å ikkje ha bibliotek lett tilgjengeleg som hjelper elevane med faglitteratur og naudsynt bruk av kjelder?

Er det berekraftig at elevar med behov for nokon som kan gje ekstra støtte i kvardagen ikkje lenger har ein miljøarbeidar? Talet på elevar som har slike behov er aukande.

Treng vi kantine med gode sosiale rammer i skulekvardagen?

Politikarar er sette til å lage eit budsjett som gjer at pengane går til dei rette tenestene. Slik det er no, har fylket eit overforbruk, på samferdsel brukar dei 260 millionar meir enn staten subsidierer (kjelde: fylkestinget i desember). No vil prioriteringa gå ut over opplæringa til ungdommane våre.

Konsekvensane vil bli lågare gjennomføring, større strykprosent og færre som kan gå inn i høgare utdanning. Dei menneskelege verdiane i fylket vårt nedprioriterast.

Møre og Romsdal fylkeskommune påstår at vi skal vere eit fylke med rom for innovasjon og internasjonalt arbeid. No blir internasjonale tilbod i den vidaregåande skulen kanskje kutta fordi det ikkje er pengar til gjennomføring.

Arnulf Øverland skreiv i 1937 diktet «Du må ikke sove»:

«Du må ikke sitte trygt i ditt hjem/ og si: Det er sørgelig, stakkars dem!/ Du må ikke tåle så inderlig vel/ den urett som ikke rammer dig selv!/ Jeg roper med siste pust av min stemme:/ Du har ikke lov til å gå der og glemme!»

Det er synd at det er naudsynt å minne om verdien av menneska i Møre og Romsdal. Det er også rart at ein ikkje ser parallellen mellom at alt er dyrare i samfunnet i dag, og at det slik ikkje er mogeleg å kutte i budsjetta til utdanning utan å rive ned organisasjonar og system det har tatt årevis å byggje opp.

Skulane er i ein situasjon der ein ikkje lenger klarar å skjøtte oppdraget sitt. Politikarar må ta grep og sette seg inn i kva som trengst av midlar for skulane slik at dei er levedyktige og elevane får god og tilrettelagt undervisning ved dei ulike lokasjonane i fylket.