Biblioteka er i dag ein av dei få plassane der alle som ønskjer det kan få kome inn gratis og ta del i alle tilboda som er der. Det gjeld ikkje berre lån av tradisjonell litteratur. Biblioteka er også ein stad der det vert arrangert foredrag, debattar og kurs. Biblioteka har aviser, tidsskrift og gjev internettilgang for dei som treng det.

Biblioteka er ein plass der nye innbyggjarar kan kome og få informasjon både frå stader dei kom frå og den nye heimstaden. Biblioteka har vist seg som gode plassar for integrering og møte mellom kulturar. Bibliotek har mange stader ytt leksehjelp og stimulert lesegleda hos born, og har med dette vore med å jamne ut kulturelle og sosiale skilje.

Dei siste åra har digitale bøker blitt stadig meir etterspurde av lånarar. E-bøker gjer at fleire kan få del i litterære skattar, og at alle kan nyte god litteratur også når dei er på farten. Det er ei utfordring at digitale lydbøker ikkje inngår i innkjøpsordninga for bøker. Biblioteka har gjennom eit spleiselag ein pott som kan nyttast til innkjøp av e-bøker, men denne potten går fort tom. Mindre bibliotek med stramt budsjett må då redusere innkjøpa sine og tilbodet deira vert difor dårlegare. Det hadde vore ønskjeleg med tilskot frå fylket til fellespotten, slik at tilbodet vart betre for alle kommunane.

Møre og Romsdal SV er oppteken av at alle menneske uansett kvar dei bur i fylket skal ha lett tilgang til bibliotektenester og litterære opplevingar. Etter lang kamp fekk biblioteka i fylket vere ein del av tilbodet, Litteraturhus Møre og Romsdal. Det er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum, støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune. Biblioteka i kvar kommune har betalt 15.000 kr årleg og fått tilbod om 3–5 arrangement i løpet av året. Dette var eit treårig prosjekt, frå 2021–2023. Til liks med dei fleste biblioteka i fylket, vil Møre og Romsdal SV at dette skal vidareførast. Det gjer det mogeleg å få tilbod om viktige arrangement, med aktuelle forfattarar, sjølv for dei små biblioteka.

SV ønskjer at flere bibliotek vert meiropne slik at alle med lånekort kan kome inn og bruke biblioteket også utanom opningstidene. Men først og fremst vil SV både i fylket og i alle kommunar vere ein pådrivar for at biblioteka får gode og trygge økonomiske rammer slik at dei kan fylle rolla si som kunnskapskjelder og møteplass for meiningsbryting, og dermed vere med å leggje grunnlaget for eit levande demokrati.