… for dei som meiner at folk flest ikkje veit sitt eige beste.

Meir enn 7 av 10 haramsborgarar har røysta for å gjere om att den uretten som vart gjort ved den store fylkes- og kommunesamanslåinga, der Haram sine nesten 10 000 borgarar vart tvangsinnlemma i nye Ålesund fordi Sandøy (knapt 2000) ville til Ålesund og Haram «vart inneklemt».

Etter regjeringsskiftet stod Senterpartiet delvis ved lovnaden sin om at tvangssamanslåtte fylke og kommunar skulle få høve til å «bli fri». Men ordninga vart slik at det var den nye samanslåtte kommunen som kunne søkje om å bli oppløyst, dersom ei folkerøysting i den tvangssamanslåtte kommunen viste fleirtal for det.

Den nytilsette kommunedirektøren i Ålesund flagga straks sitt syn. Han ville ikkje sleppe Haram, og han ville ikkje ha noko folkerøysting. Men kommunestyret vedtok likevel folkerøysting i «gamle Haram».

Kommunedirektøren engasjerte konsulentfirmaet BDO til å greie ut kor gale det kom til å gå for både Haram og Ålesund ved eit eventuelt skilsmål.

BDO vart også for nokre år sidan engasjert av Guttelvik på fylket for å finne ut kor gale det kom til å gå for fylket vårt om Nordøyvegen vat realisert. Han fekk det svaret han ville ha: BDO slakta Nordøyveg-prosjektet, særleg finansieringsplanen. Men dei djerve fylkespolitikarane leit på eiga vurderingsevne og vedtok Nordøyveg-prosjektet. No er Nordøyvegen snart ferdig på rekordtid. Arbeidet har gått på skjener, trass i mange utfordringar, både teknisk og vêrmessig, og det ligg an til ei innsparing på 190 mill. i forhold til prosjektplanen.

BDO-rapporten om Ålesund og Haram var like negativ. Det kom til å gå ad undas med både Haram og Ålesund. Rapporten har fått massiv kritikk frå kompetent hald, men kommunedirektør Hasseldal fekk det svaret han ville ha, og hans innstilling var som før – inga utskiljing.

Eg veit ikkje om ein kommunedirektør har skyldnad å tenkje på demokratiet. Men det kan vel ikkje skade? Det er nok av maktmenneske i verda som styrer etter eige hovud utan tanke på at dei skal vere folket sine tenarar og ikkje herrar.

Men av våre eigne kommunepolitikarar ventar vi noko anna. Fleire har gått ut og sagt at folkerøystinga ikkje gir rom for noko vidare vurdering: dei røystar for Haram ut av Ålesund. Ære vere dei for det. Men ordføraren er vag og unnvikande, det same er fleire av toppane i AP. Høgre, som hadde regjeringsmakt og var hovudpådrivar for «misgjerninga», har eit ekstra ansvar, men har ikkje gitt til kjenne at dei vil følgje folkeviljen denne gongen heller. Lokallagsleiar Monica Molvær er særskilt bekymra for korleis det skal gå med folket i gamle Sandøy! Kjære Monica! Det er ingen som vil skade Sandøy. Dei har sitt kommunesenter i Ålesund sentrum, og vegen dit blir den same anten Haram blir eigen kommune eller ei. Vegen er eigd og styrd av Møre og Romsdal fylkeskommune og den blir ferjefri om nokre månader.

Folkerøystinga syner at meir enn 7 av 10 haramsborgarar vil ut av Ålesund og alle valkrinsane i gamle Haram hadde fleirtal for utskiljing (når førehandsrøystene er medtekne). Det er no vi har sjansen til å få sjølvstyre att. (Det kan vel hende at dette er siste sjansen for enkelte kommunepolitikarar også.)

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!