Under skulevalkampen vart det ropt høgt frå dei fleste ungdomsparti at bussen måtte vere rimeleg og komme ofte. Dette er politikk som ikkje står seg i distrikta. Det gagnar verken miljø eller økonomi å køyre rundt med nesten tomme bussar.

Ekspressbussar som går dei lange avstandane og knyt saman regionar og landsdelar er viktig, men ein kan ikkje belage seg på buss for å få folk rundt i lokalsamfunna. For bygdeungdom er det fleksible henteordningar som gjeld.

Slik drosjeordninga «Trygt heim» er no, gjeld den berre frå sentrum, innanfor kommunegrensene og på laurdagskvelden.

Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner ordninga må utvidast til å gjelde heile helga og den kan ikkje avgrensast til berre frå sentrum.

Ei betre ordning vil redusere sjansane for fyllekøyring, for køying utan lappen, for at folk sit på med nokon dei ikkje stolar på, for pirattaxi og for at ungdomen held seg heime fordi dei ikkje veit om dei kjem seg trygt heim. Det førebyggjer rett og slett utanforskap og konsekvensane av det.

Vi skal leve gode liv i heile kommunen. Vi er vennar på tvers av kommunegrensene. Og festlege hendingar i helgane er ligg ikkje alltid til laurdagen. Dette må ei forbetra og vidareutvikla henteordningane ta opp i seg, og det jobbar vi i Senterungdomen for.