Eg klarer ikkje å røyste på parti som meiner at menn kan bli kvinner eller at vi skal oppheve hallikparagrafen og tillate sal av kvinnekroppen. Likevel har eg stor respekt for enkelte politikarar. Deriblant den avtroppande ordføraren i Ålesund.

Det var diverre uråd for meg å røyste på hennar parti (som argumenterer for at det finst eit tredje kjønn), men dei åtte åra Eva Vinje Aurdal har vore ved roret har eg kjent meg godteken som ålesundar. Det måtte ein stordaling til for å få det til.

I dei to periodane ho har vore ordførar har kommunen opna seg mot resten av Sunnmøre, mist mykje av den fryktelege småbyarrogansen og har hatt ei fantastisk utvikling i kulturtilbodet. No har eg kjensle av å rykke tilbake til start. Stort meir småbyarrogant enn Ålesundlista er det vel ikkje mogeleg å bli.

Framstegspartiet har etter mi meining feil namn. Høgre er leia av ein person som er «woke» og dessutan full av forakt for vår eigen kultur. No har vi i åtte år hatt ein ordførar som faktisk les bøker og som, sjølv om ho tapte røyster på det, fortalde oss at vi har eit ansvar for nynorsken og for at dei som skriv det språket skal møte det i sitt daglege liv utan hets og nedrakking. Litt av ei endring!

No skal vi få ein ordførar som ser ut til å vere stolt av si kulturløyse og som profilerer partiet sitt ved å sparke nokre av dei som tener aller minst i det norske samfunnet, utøvande kunstnarar. Den velkjende utanforkjensla sig på.