Det verkar som om nynorsk nærast er eit framandelement i sportsredaksjonen. Vi er mange idrettsinteresserte, målfolk og andre, som undrar oss og irriterer oss over dette.

No har vi også fått tydeleg dokumentert kor ille det faktisk står til. Velledalen IL og Atle Hole har registert både språkbruk og innhald i papiravisa sine sportssider gjennom heile oktober månad. Av 57 sider med sportsstoff var 5,5 sider på nynorsk, altså litt over 9 prosent. Dette held ikkje. I alle fall ikkje viss Sunnmørsposten tar mål av seg å vere ei distriktsavis. Alle kommunane på Sunnmøre er nynorsk-kommunar.

«Før i tida» var i det minste praksis at idretten frå bygdene blei dekt på nynorsk. Slik er det ikkje lenger. Til og med Hødd har blitt eit bokmålsobjekt. Så kjem det heldigvis litt handball- og volleyballnynorsk frå Volda, av og til.Fotball tar om lag 2/3 delar av sportssidene. Eg skjønar at Aafk får mykje spalteplass, uavhengig av prestasonane. Men det finst også andre idrettar som kan fenge lesarane.

Eg har gjennom åra vore så tett på mange idretts- og mediemiljø at eg veit at fordomane mot nynorsk ofte er ekstra rotfesta der. Slik burde det ikkje vere i Sunnmørsposten, som likar å kalle seg det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim. Dessutan, innhaldet blir ikkje dårlegare på nynorsk – kanskje blir det heller litt færre idrettsklisjear.

I ein kommentar i avisa 31.10. skriv nyhenderedaktør Sindre Halkjelsvik mellom anna følgjande: «I kraft av å vere redaktørstyrt skal vi prioritere. Å prioritere betyr også å velje bort noko». Då spør eg: Er det redaktørstyrt politikk å prioritere vekk nynorsk når det gjeld idrettsdekkinga i Sunnmørsposten?