Globalt går likestillinga tilbake, noko årets fredspris vitnar om.

Noreg er eit av verdas mest likestilte land, men her er framleis mykje å ta tak i. Mellom anna tener menn ofte meir enn kvinner i same yrke, kvinnelege idrettsutøvarar får langt mindre betalt enn sine mannlege kollegaer. Det er flest menn i styreromma og i fora der ein set dagsorden, til dømes på konferansar i vårt distrikt.

I mi tid som fylkespolitikar for» Sunnmørslista» var eg alltid opptatt av likestilling.

Fire år var eg leiar for fylket sitt Likestillingsutval, men eg må vedgå, utan noko særleg betring.

I alle år var eg flau og lei meg for at vårt fylke i lag med Agderfylka låg på botn når det gjaldt likestilling. Det vart fokus på at ein innsats måtte gjerast særleg for å få unge kvinner til å bli eller flytte heim.

Ein dyktig politikar frå Finnmark sa ein gong at det er større katastrofe for fylket om jentene forsvinn enn om fisken gjer det. Men er kvinnene ønskte tilbake til vår kommune?

Programmet for Moakonferansen vitnar i alle fall ikkje om det.

Då eg las Nytt i Uka, 27. september, merka eg meg at det berre var mannlege foredragshaldarar på programmet.

Det kan då ikkje vere sant i 2023, tenkte eg!

Men det var altså sant, Bygdebladet 3. september stadfestar at alle er menn! Seks dyktige menn, presenterte med omtale og bilete.

Det slo meg, er det verkeleg ikkje ei einaste kvinne å oppdrive som har noko av interesse å formidle?

Rett nok har dei klart å finne ei dyktig dame til konferansier. Ho kan sine ting.

Men er det på denne måten vi skal få unge kvinner til å bli eller flytte heim til byen eller fylket?

Er agnet at dei kan få kome heim og lytte til flinke menn, men at deira kunnskap og meiningar ikkje er av interesse? Eg trur diverre at få vil bite på.

Framtidsretta? Nei, pinleg.

Det same gjeld på Oksvik-konferansen i Ørskog, berre mannlege foredragshaldarar- og mannleg konferansier. Då er leiarkonferansen i Ulsteinvik 26. oktober hakket betre der i alle fall tre av ti foredragshaldarar er kvinner, men ikkje mykje å skryte av.

Det femte berekraftsmålet ser ut til å vere fullstendig uinteressant og kanskje ukjent for mange arrangørar her i kommunen som ironisk sett kallar seg berekraftskommune.

Ein avisredaksjon varsla meg nettopp om at det no er kome ei kvinne på programmet til Moakonferansen.

Eit lite steg i rett retning.