Når no Galskapens prosjekt Møreaksen er rydda ut av NTP, er tida klar for full gass og fokuset på reelle vegprosjekt her i fylket.

Altfor lenge har Møreaksen fått løyve til å «torpedere» alle andre vegsamband.

E136 frå Ålesund til Bjorli burde vore ferdig for lengst. Her har galskapens planlegging av Møreaksen knabba all plankapasitet i tiår etter tiår i Statens vegvesen region Midt.

Likeins «dødsvegen» E39 Solevågseidet-Blindheim- Moa, som er ein av landets farlegaste vegområde med over 22000 bilar i døgnet, har også effektivt blitt skvisa.

Same skjebne har Voldatunellen, Strynefjellet, RV70 og så bortetter fått merke. No kan vi som ynskjer å bygge veg folket i fylket vil ha gi full gass og ha stødig fokus på desse prosjekta, der mi rolle i Transportkomiteen og på Stortinget får ei viktig oppgåve i dette.

Ei ny borgarleg regjering om 1,5 år kan sørge for at E136, E39 Solevågseidet- Blindheim-Moa, rv15 Strynefjellet, Voldatunellen og rv70 igjen kan kome fram frå dei mørke skapa til Statens vegvesen.

Og den eigentlege eksportvegen frå både Nordmøre og Molde-området, Langfjordkryssinga, kan no godt bli børsta støv av.

Eg skal i alle fall passe på kva Statens vegvesen region midt kjem til å drive med tida si med i åra framover, at dei held fram å sløse pengar på prosjekt folket ikkje vil ha, er det no brått slutt på.

Så må storsamfunnet ta lærdom. Lærdom av at Kokkelimonkemiljø ikkje skal få lov til å sløse vekk om lag 500 millionar kroner av skattebetalarane sin pengar ein gong til, slik den dyre erfaringa er frå Møreaksen.

Reelle, gode fornuftige vegprosjekt som faktisk tener folk og næringslivet i heile fylket skal prioriterast.

Møre og Romsdal trenger ei regjering som prioriterer dette fylket, då er fasiten for å kunne få dette til eit enda sterkare FrP.