Har ikkje Sønderland fått med seg at Statens vegvesen har foreslått å ta heilt ut av NTP dei neste 12 åra, heile E136 frå Moa til Vestnes?

Dette grunngav Statens vegvesen med at dei vil prioritere fjordkryssing over Romsdalsfjorden og på Moldesida gjennom Møreaksen til vel 26 milliard kr.

Dette betyr at ikkje ei krone skal brukast på eksportvegen E136 frå Moa til Vestnes dei neste 12 åra, inkludert ny veg forbi Sjøholt.

Det er denne grenselause naiviteten til enkelte sunnmøringar også, som har ført til at E136 frå Ålesund til Bjorli knapt nok har blitt planlagt, og no er takla fullstendig ut av Møreaksen på Molde. Forstår du ikkje dette, Ola Sønderland?

Møreaksen har «torpedert» absolutt alle andre vegprosjekt, og trur verkeleg Sønderland at dersom Møreaksen, fjordkryssinga og på Molde til over 26 milliardar kroner vert bygd, ja så vil det fortsette å « regne» vegmilliardar til vårt fylke? Nei, tvert imot.

Skulle Møreaksen bli bygd del 1, vil det gå tiår på tiår før fylket vil igjen kome i posisjon til nye vegprosjekt slik som ny veg forbi Sjøholt. Berre for pengane som er planlagt for Møreaksen for nokre tusen bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, vil ein kunne realisere ny veg på både E136 frå Ålesund til Bjorli, inkl. ny veg forbi Sjøholt, ny E39 Veibust til Moa, ny RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen, ny E39 forbi Batnfjorden og utbetring av RV70.

Sikkert pengar igjen til Langfjordkryssinga også vil eg tru. Så igjen, kva er logikken med at dersom pengane blir brukt opp på Molde til Møreaksen, så blir det rikeleg med pengar til ny veg forbi Sjøholt forstår i alle fall ikkje eg. Det kan heller ikkje Sønderland forstå, vil eg måtte tru.

Nei, prioriter E136 frå Ålesund til Vestnes inkludert ny veg forbi Sjøholt, prioriter midlar til Nye veier as for resten av E136 Romsdalen, og, skrinlegg Møreaksen ein gong for alle!