Liten og stor – hand i hand i barnehagen, kva kan eit lite barn få til, saman med ein voksen? Bemanningsnorma vi jobbar under i barnehagen er 51 år gamal.

Temaet for Barnehagedagen 2023 er ein viktig brannfakkel: Bemanning! Vi treng meir bemanning inn i barnehagen! All forsking viser at dei aller fleste barn treng å få vere i små grupper. I små grupper vil borna kunne føle seg sett og høyrt, dei vil få den tilknytinga dei treng til den vaksne og få ein mykje betre start og slutt på barnehagedagen sin. Men det som skjer er diverre det motsette.

Barnegruppene er store i starten og slutten av barnehagedagen, kvar einaste dag, grunna knapp bemanning. Dette på tidspunkt då små barn er mest sårbare og treng at tilknytingspersonen er tettast på. Midt på dag er det heller ikkje enkelt å få til smågruppe over lengre tidsrom. Kvar dag blir ein avbroten grunna avvikling av pausar eller møter, og gruppene må slåast saman til større grupper – igjen.

Rammeplanen for barnehagar vektlegg betydninga av eit tilstadesverande personale som ser kvart enkelt barn. Der står det blant anna: «I barnehagen skal alle barn oppleve å bli sett, forstått, respektert og få den hjelp og støtte dei har behov for.» Barn treng vaksne som kan sjå dei, lytte til dei, leike med dei og trøyste ved behov. Dei tilsette i barnehagane har kompetanse, og forskinga er klar på at det er auka bemanning verkar. Gje oss moglegheiter til å jobbe i små grupper! No er det tid for å gjere noko med rammene i barnehagen!

I Hurdalsplattforma (2021–2025) står det at regjeringa vil «Forbetre bemanningsnorma slik at ho sikrar barna nok tilsette.» Fleire tilsette i barnehagen vil bidra til at kvart enkelt barn blir sett og fylgt opp på ein god måte. Slik sett passar det bra at SFS 2201 (Arbeidstid for barnehagetilsette i kommunale barnehagar) skal reforhandlast i år. Ingen kan ha unngått å høyre at bemanningsnorma må endrast, ein må kunne få gjere jobben sin utan at det går på kostnad av nok ansvarlege på jobb. Det er urovekkande at regjeringa ikkje vel å lytte til dei som har kunnskapen: barnehagesektoren.

Volda Kommune vil satse på barnehagane, og det er fint, men alt tyder på at dei ikkje vil det nok. Pennestrøket over «ønska tiltak» er litt for enkelt å ta når politikarane vel andre prioriteringar. Å ha fokus på «Tidleg innsats» må vere meir enn berre fine ord. Ord må bli til handling.

Og så; til deg som jobbar i barnehagen: Takk for at du står i jobben kvar dag.