I 1855 utgjorde det norske folk 1,490 million, 1,5 million rundt rekna. Landet var stort sett sjølvberga i matavegen – og takk vere poteta for drahjelpa.

I 1940 var vi 2,964 mill., nær 3 mill., dobbelt så mange med ein sjølvbergingsgrad på 0,5. I 1960 var folketalet 3,591 million og sjølvbergingsgraden på vel 0,4.

Utan import av korn og formjøl, kan vårt landbruk bare brødfø 1,5 mill. Menneske, det same som i 1855. I 1855 budde 86,7 prosent i bygdene og 13,3 prosent i byane.

Folketalet aukar

No er situasjonen omsnudd. I 2012 utgjer den urbane befolkninga 80,5 prosent, så åtte av ti bur no i byar og tettbygde strøk og to av ti på bondelandet. Folketalet aukar eksponensielt. Fertiliteten per kvinne ligg på 1,8-1,9, så inn-vandringa forklarer folkeaauken.

Med vel fem million er vi «overbefolke» med 3,5 million menneske og ein sjølvbergingsgrad på 0,3. Rekn sjølv ut folketalet når sjølvbergingsgraden er 0,2.

Smalhanstider

Skulle det bli okkupasjon og total blokade, vert det ille for land og folk. Ein okkupant er pliktig å halde sivilbefolkninga med mat. Under okkupasjonen førde tyskerane korn inn i landet. Det er tvil-samt om ein okkupant ville bry seg med sivilbefolkninga sitt ve og vel, for internasjonale konvensjonar vert mindre og mindre respektert.

I smalhanstider vil rovdyr som bjørn, ulv, jerv og gaupe fort bli utrydda, same kor mykje dei er freda. Konkurrentar i matfatet vert aldri tolerert.Hundretusener av menneske søkjer tilflukt i vårt karrige, nyrike land. Under ein okkupasjon/blo-kade ville migrantane hatt sjanse til å livgberge seg der ein kan dyrke jorda året rundt. Syria er eit slikt jordbruksland. Viss det ikkje det var, kunne det aldri fø fram ei befolkning som fordoblar seg på 27 år, eit brukbart middeltal basert på endringar i landareal og folketal mellom 1929 og 2012.

Forsvarsevna

Eit matlager er like viktig som som eit tidmessig forsvar, men lite tyder på at fleirtalet av våre folkevalde har sans for verken det eine eller det andre.

Det hadde dei ikkje ved utgangen av 1936 heller, då stortingspresident Hambro bad Stortinget kalle inn eit par fagmilitære sjefar for åorientere utanrikskomiteen om forsvarsevna.

Bare Høgre (minus ein represenrant) stemte for. Stortingsfleirtalet var i mot og grunngav det med at «folk blei nervøse» og at ein risikerte «hysteriske skrik i avisene».

MAGNE BORTNE

Ålesund