Valkampen er over. Alle parti varslar «grønt skifte», Venstre med stor tyngde.

Norsk vasskraft er det grøne gullet. I Europa er denne reservert for symboltunge varer. Av desse er drift av «servere». Datalagring med grøn energi er eit satsingsområde. Fleire norske anlegg er etablert/under oppstart.

Noreg si plassering langt nord i Europa er optimalt i høve temperatur. Lagring i fjell vil sikre mot ytre påkjenningar.

I ei terminert olivingruve i bygda Lefdal på grensa mellom kommunane Vågsøy og Eid er eit av prosjekta for datalagring under oppstart. Planane vart lansert med Energiministeren til stades og full TV-dekning. Her skal investerast 250 million kroner i første fase.

Opplysningar ved lanseringa:

– Verdas grønaste datasenter

– Miljøvenleg og nyskapande næringssatsing

– 50 % rimelegare kjøling

– 100 % fornybar energi

– 0-utslepp av CO₂.

Bellona meiner etablering av datasenter i Noreg er god klimapolitikk.

Leiar for SFE (Sogn og Fjordane Energi) uttaler glede over at straumforbruket fullt utbygt på 200 MW, tilsvarande forbruket for 80 000 husstandar ifølgje pressemeldinga, vil medverke til stabilisering av nettlasta. Dette framstillast som godt nytt i eit område med landets høgste straumprisar, grunna underdekning av elektrisk kraft.

Verknad av etableringa:

– Serverane krev fullt utbygt 200 MW (SFE)

– Når fjellageret har oppnådd ideell lagringstemperatur etter kort tid, må all tilført energi fjernast frå fjellageret som varme.

– Slik prosjektet er framstilt, er plasseringa genial, med Nordfjorden som nærmaste nabo.

– Meininga er å «vaske» tilført energi ut i fjorden.

Ordføraren i Eid kommune er tidlegare statssekretær for Venstre. Kommunen har i tillegg ein representant på Stortinget frå Venstre. Det er difor all grunn til å tru at prosjektet er godt kjent i Venstre sentralt, og at leiinga i partiet er vel orientert.

Dersom denne lokaliseringa kan framstillast som del av det grøne skifte, rokker dette med truverdet til Venstre sin miljøpolitikk. Eit reelt grønt skifte oppnår ein først når all energi vert teken i vare på ein optimal måte. Ei plassering av eit slikt kraftkrevjande anlegg på ein stad der ein ikkje kan gjere nytte av varmen frå kjølevatnet, er ei sløsing av energi som nærmast latterleggjer andre mindre tiltak vi stadig blir pålagt. Dette kan lettast illustrerast med eksempel frå byggebransjen.

Energikravet til ein einebustad i TEK 10 er max. 120 kWh/kvm år (med eit tillegg på 1600 kWh). Ei leilegheit på 100 kvm kan såleis maksimalt bruke 13 600 kWh/år. Bekymra politikarar har «vedteke» at etter 2015 må alle hus byggast som passivhus. Dette vert gjenteke i pressemelding frå Sanner og Sundtoft 23.11.15. Husbanken (2014) definerer passivhusstandard til 80 kWh/kvm år. Dette betyr i praksis at ei leilegheit på 100 kvm vil redusere forbruket med ca. 4000 kWh/år i høve dagens krav i TEK 10.

Fullt utbygt er installert effekt i Lefdal Gruve oppgjeve til 200 MW. Forbruket er 24 timar i døgnet 365 dagar i året. SFE har summert dette til 80 000 husstandar. Reknar ein leilegheiter på 100 kvm og kravet i TEK 10 vert talet nærmare 130 000 husstandar, eller innsparinga ein oppnår med å gå over til bygging av 440 000 passivhus. Dette skal «vaskast ut» i Nordfjorden årleg.

På toppen av dette er det drøftingar mellom departement og etablerarar om bortfall av avgifter. I praksis vil det bety at vanlege forbrukarar skal subsidiere internasjonale konsern for sløsing med grøn energi.

ARVE YTRE-EIDE

Stryn