Senterpartiet og KrF var då ein del av Venstre. Mitt ønske i politikken var eit tett samarbeid i sentrum, der sentrumspartia si viktigaste kampsak skulle vere eit reelt og levande folkestyre.

I Norge har vi ei tredeling i politikken, høgre- og venstresida og sentrum. Høgresida si viktigaste kampsak, er privatisering, som betyr meir makt til kapitalkreftene. Venstresida si viktigaste kampsak har vore statleg styring som gir meir makt til stats-byråkratane. Meir makt til kapitalkreftene og byråkratiet er ein trussel mot eit reelt og levande folkestyre.

Trussel

Slik eg ser det er både kommunereforma og regionreforma ein trussel mot eit reelt og levande folkestyre. Begge deler fører til maktkonsentrasjon av kapitalkreftene og byråkratiet – eit elitestyre i staden for eit folkestyre.

Finanskrisa i 2008 viste tydeleg faren med elitestyre både i USA og i Europa. Dei folkevalde politikarane har vorte ein del av makteliten og valte å bruke folket sine skattepengar til å berge bankane (finanseliten) framfor å bruke skattepengane til det sosiale sikringsnettet for folket.

Folket mista jobbane sine og pensjonane sine og vart sett på gata av bankane. Folket måtte betale rekninga mens finanseliten som var skuld i finanskrisa slapp fri.

Dei rike blir rikare

Det siste som har kome fram er at bankane hjelper topp-politikarar med å lure unna pengane sine i skatteparadis. Dette er årsaka til at dei rike har vorte rikare og dei fattige har vorte fattigare.

Stor arbeidsløyse blant ungdomen fører til rus og sosiale problem. Elitestyre i dei muslimske arabiske landa er verre enn i Europa og USA. Der har ungdom verken arbeid eller stemmerett. Håpløysa i dei arabiske landa skaper opprør og krig som igjen skapar fleire flyktningar som igjen skapar uro og konfliktar i landa i Europa.

Løysinga er ikkje meir elite-makt. Løysinga er heller meir folkemakt.

Maktkonsentrasjon

Vi får ikkje meir folkemakt med meir maktkonsentrasjon og færre folkevalde. Ja til godt samarbeid og eit reelt og levande folkestyre. Nei til samanslåing og meir elite-makt. For meg personleg som i 12 år har kjempa for eit reelt og levande folkestyre, var det vondt å lese at Steffen Falkevik i Ålesund Venstre ikkje kjempa for folkerøysting i Ålesund. Eg kan forstå frustrasjonen til Kirsti Dale som melde seg ut av Ålesund Venstre.

Takk til politikarane i Giske kommune som vil la veljarane få sei si meining i ei folkerøysting.