Rem Offshore har, sidan 2006, levert ein gjennomsnittleg operasjonsmargin på 54 prosent, ut frå ei total omsetjing på 7,7 milliardar kroner. Omsetninga i selskapet har vokse frå 37 millionar i 2005, til 1,4 milliardar på det høgaste i 2014. I denne perioda har selskapet kontrahert over 30 skip, hovudsakleg frå norske verft. Det gir ein årleg leveranse på 3 skip. Desse skipa er fylte med sunnmørsk utstyr, dei er bygde på sunnmørske verft og eigd av sunnmørsk kapital. Desse båtane har levert dei høgaste operasjonsmarginane i verda innan offshore dei siste 10 åra.

All kapitalen som har enda på botnlinja har ikkje blitt liggande på botnlinja. Det sparsomme utbytet har vore nytta til å betale formuesskatt (som har tappa aksjonærar og dermed selskap for kapital som ein no ser skulle ha vore nytta til å styrke selskapa sin finansielle stilling), medan restan har vore nytta til nye investeringar. Kapitalen har ikkje vore nytta til å kjøpe seg privatfly og dyre skinnsko.

Det er nesten ei eineståande historie. Men berre nesten. For på Sunnmøre har vi fleire selskap som har gjort mykje av det same. Den maritime klynga har vokse raskt og gitt grobotn til ein særskilt kultur, med innovasjon og handlekraft som fundament for den eventyrlege veksten. Beslutningar har vorte tekne lokalt. Vi har konkurrert når vi skal konkurrere og vi har samarbeida når vi skal samarbeide.

Denne utviklinga hadde ikkje vore mogleg utan at Rem Offshore hadde hatt eit nært og godt samarbeid med dei store og leiande finansieringsinstitusjonane. Det var desse som mogleggjorde reinvestering av kapitalen. Rem var tidleg ute då nedgongstidene meldte seg. Vi fekk tidleg ordna avdragsutsetjing med bankane. Vi fekk solgt skip, noko som gav oss ein god pengebinge. Vi skulle sjølvagt solgt fleire, men so var det dette med høns i regnver. Hovudaksjonær solgte seg ut av fiskeri for å ha «tort krut» til å bygge selskapet vidare.

Alle likte det dei såg, eit framoverlent selskap som gjer nødvendige endringar. Bankar og obligasjonseigarar og aksjonærar, heile balansen i selskapet, var einige. Dette var ein god avtale som gav selskapet ein gjeldsreduksjon på over 20 prosent, og samtidig gav selskapet 85% avdragsreduksjon fram til midten av 2020. Til og med Pål Ringholm syntest dette såg bra ut samanlikna med dei andre reiarlaga som hadde levert sine skisser til marknaden. Endeleg eit selskap som gjorde noko med storleiken på gjelda. Med like mykje kontantar som Solstad, ein tredjedel av storleiken og med 20% gjeldsreduksjon der andre ikkje oppnådde noko, var eit sterkt fundament skapt for vidare drift.

Sjokket vart då stort då forslaget vårt blei nedstemt av Aker, som hadde nytta tida til å kjøpe seg opp til å få ein negativ kontroll i det eine obligasjonslånet vårt. Vi hadde no ei klar forståing av ein avtale med alle partar. Vi hadde gjort heimeleksa vår. Men ikkje godt nok tydeligvis. Ei fiendtleg overtaking frå eit norsk industrikonsern, der den norske staten er medeigar? Det trur eg dei færraste hadde sett føre seg som heimelekse. Eg trur knappast ei slik oppgåve har vore skreven enno. Denne manøveren har eit føremål, å konsolidere Rem Offshore med Solstad, og skape ei større eining.

Det stoppar ikkje der, og eg fryktar at alle reiarlaga på Sunnmøre no kan forsvinne inn i eit setup styrt frå Lysaker, og til ei viss grad, frå Skudeneshavn.

Kva vil konsekvensen vere for Sunnmøre og den maritime klynga når alle avgjerdsler skal takast andre stadar? Kva med tilgongen på bankkapital og kvalifisert arbeidskraft når fundamenta og beslutningsevne vert fjerna frå området?

Vi kunne valt å ta opp kampen, og ta selskapet gjennom ei trøyttande ferd gjennom rettsvesenet. Det ville øydelagt verdiar for både aksjonærar, bankar og obligasjonseigarar. Det vel vi å ikkje gjere. Vi har eit ansvar for å forvalte selskapet til det beste for alle interessentar, ikkje minst våre 500 ansatte.

So får det heller være at nokon interesser prøver å skildre Rem som den stygge andungen. Tala seier det motsette. Rem Offshore er eit skuleeksempel på ei Sunnmørsk suksesshistorie.