Frå 1. januar 2017 har Stortinget vedtatt at sjukdomslista hos fysioterapeut skal avviklast. Dette medfører at alle som går til behandling, må betale eigenandel, unnateke barn under 16 år og personar som får behandling for yrkesskade.

Sogn og Fjordane Senterkvinner synest at den nye ordninga for eigenandel fysioterapi er uheldig. Sjølv om taket for eigenandel for frikort er sett ned frå 2670 kr. til 1990 kroner, er det likevel ei ulempe for dei som kan ha lita betalingsevne. Vi meinar det er feil å legge opp til ei slik ordning for alle utan å legge inn unntak knytt til medisinsk behov.

Mange av dei som har eit medisinsk behov for fysioterapi har enten heilt eller delvis nedsatt arbeidsevne, og er under ei eller anna form for trygdeordning. Dette er ein stor del av grunnen til at mange kan ha lita betalingsevne.

Rammer særlig minstepensjonister: Kronisk sjuke mister fri behandling

Andre er avhengig av denne fysioterapien for å halde seg heilt eller delvis i jobb. For dei med behov for slik behandling, er det også mange andre grunnar til at økonomien er stram. Legeutgifter, sjukehusutgifter, medisinuttgifter m.m gjer at spesielt dei fyrste månadane i året er ekstra krevande økonomisk.

Det er ofte ein del andre behandlingar, som massasje og akupunktur, eller andre formar for alternativ behandling, som er med på å lindre ein del smerter og plager.

Dette er ikkje under frikortordningar og kjem i tillegg. Det er synd at fysioterapi, som har hatt ei god ordning for mange, no er stramma inn. Mange har ikkje har råd til all den form for behandling som er nødvendig for at det å fungere delvis eller heilt i jobb er mogleg.

Det bør vere i staten si interesse å fylgje opp desse pasientane med gode ordningar, slik at så mange som mogleg kan fungere delvis eller heilt i jobb, og ha eit liv med så god livskvalitet som mogleg.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sogn og Fjordane Senterkvinner meinar at reglane for eigenandel for fysioterapi må reviderast straks.

Nødvendig fysioterapi som grunnlag for vellukka rehabilitering og behandling av kroniske sjuke må ikkje hindrast av betalingsreglar som pålegg eigendel for alle.

Kristina TomasgardNestleiar, Sogn og Fjordane Senterkvinner

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.