Havet La oss verkeleg leve av havet også i framtida, skriv artikkelforfattaren.
(Foto: Knut Arne Aarset)

Havet La oss verkeleg leve av havet også i framtida, skriv artikkelforfattaren. Foto: Knut Arne Aarset

Synspunkt om skule og livet i havet:

«Kven skal lære dei om havet?»

På kateteret stod ei flaske tran. I storefri leika vi no kjem haien. Dagens unge lurer på om fiskeslo er når fisken slår kvarandre.

Det seiast at vi skal leve av havet. I følgje politikarane er det så viktig at ein kan byrje å lure på om Arbeiderpartiets har henta fram Jagland sine gamle husplanar (hugsar du?) Havrommet er namnet. Det er særs viktig. Når vi ein gong har klart å suge opp den siste dråpe både frå Barentshavet og Lofoten, blir alt levande vesen i dette havrommet viktigare. Det skal gi oss velferd, sjukeheimsplassar, vegar og nye flotte kulturhus. Korleis skal vi så leve av noko få veit kva er?

Unge superkokker: Barna åpner barnekjøkken i barnehagen

Visste du at det norske skulevesen handlar i dag svært lite om havet? Det står svært ille til. I følgje tidsskriftet Norsk Fiskerinæring, som har gjort ei undersøking, tek det 15 minutt å lese igjennom alt som står om fiskeri og havbruk i skulebøkene. Tenk det, 15 minutt av 13 års skulegang. (undersøking av alt skriftlig pensum i skulen i Eidsvoll og Oslo) Tidsskriftet har gått igjennom læreplanane og undersøkt kva fag som gjev mest undervising. Snodig nok er det i det faget ein har minst i løpet av skulen, mat- og helsefaget, at ein lærer mest. I viktige fag som natur- og samfunnsfag er det like mykje kunnskap som ei jolle tek plass i Skagerrak. Trålarar er i tillegg skumle båtar som støvsuger havbotnen. Havbruksnæringa er ikkje nemnd ein einaste gong i ei einaste av bøkene borna har frå 1-3 klasse!

Det er lett å hamre laus på andre. Slå fast kor lite som gjerast. Syte og klage. Eg har fleire gonger før hevda at dersom fleire i sjømatnæringa hadde turt å løfte blikket litt lengre enn kva kilosprisen blir neste veke, hadde folk flest set større pris på det vi driv med. Vi treng sårt å bli flinkare til å vise oss fram, by på oss sjølv og ikkje minst opne opp for kva vi driv på med. Difor trur eg ideen Svein Ludvigsen i si tid tvinga igjennom trass kritiske byråkratar, har hatt noko for seg. Visningsanlegg i havbruk trengst. Som ansvarleg for Forum for Visningsanlegg ser vi at interessa aukar. Stadig fleir vil vite, sjå, oppleve og smake. Her har og villfisknæringa mykje å lære.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Visningsanlegga ligg derimot berre langs kysten. Trekk du en trekant mellom Halden – Lillehammer og Kristiansand finn ein to tredjedelar av alt folk som bur i Noreg. Kva veit dei om havbruk? Kva veit dei om trålarar? Loddefiske eller forvaltning av kongekrabbe? Når i tillegg skuleverket gjev unge så ekstremt lite lærdom, er det på tide å gjere noko meir.


Kronikk 27. juni:

«Med mat og helse på timeplanen»

Vi blir stadig mer klar over sammenhengen mellom mat og helse.

I dag er skuleverket forma slik at det er heilt opp til lærarane sjølve å velje kva type bøkjer ein ønskjer å bruke til sin skule. Innhaldet i bøkene er det forlaga som skriv sjølv, så lenge dei held seg til læreplanen. Som undersøkinga til Norsk Fiskerinæring viser er det lite konkret som står i læreplanen om fiskeri- og havbruk. Her må politikarane vere langt tydlegare i framtida. Det bør setjast klarare krav til innhaldet og ikkje minst krevje at vår næring blir meir synleg i den norske skulen. Å sleppe inn i klasserommet er nemleg ikkje like lett. Nye digitale læremiddel må innehalde god informasjon om vår næring, med gode bilete, video og lærdom som gjer dei unge langt meir undrande enn kva dei er i dag. I Sjømat Norge stiller vi meir enn gjerne opp for å by på oss sjølv. Vi håper og at både politikarar og næring tek utfordringa. La oss verkeleg leve av havet også i framtida. La unge bli meir kunnskapsrike!

Øyvind André Haram
Informasjonssjef Sjømat Norge

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

På overnattingstur ved Eltrane

Såg mystisk fenomen

Båt kjørte opp på skjær

En fritidsbåt har lørdag kveld kjørt opp på et skjær i Borgundfjorden.

1.000 opplevde fartsshow

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.

Trekker seg fra VM

Ro-VM starter søndag uten ålesunderen.

Damene tapte, karane vann

HERØYHALLEN: Herrelaget slo tilbake etter ein sløv første omgang og knuste Bergen Vest. Også damelaget tok tak etter pause, men dei heldt ikkje heilt inn.

Suksess med sjeldan sauerase

Sauepels-handlaren i Syvde

– Lidenskapen min for kombinasjonen pelssau og gjetarhund kjem aldri til å ta slutt, seier Atle Arnesen (63) i Syvde.