Utdrag: henta frå Statens vegvesen sitt strategiskriv kalla Planlegging av bruer. Ferjefri E39 – Møre og Romsdal (bilete 55).

Utdrag: henta frå Statens vegvesen sitt strategiskriv kalla Planlegging av bruer. Ferjefri E39 – Møre og Romsdal (bilete 55).

Synspunkt om fjordkryssing:

«Utfasing av Eiksundtunnelen»

Visste du at vegvesenet sin snuoperasjon i saka om kryssing av Ørstafjorden fører til bru frå Berkneset, at E39 svingar seg gjennom gardstun og over hyttegrender, freda naturreservat og fiskeplassar som folk i desse kommunane har brukt i hundrevis av år, og at Eikeskallen og Gnullen kan bli festepunkt for bru-kar?

Dei siste par åra har vi sett to nabokommunar som har vore proaktive i forholdet til overordna styresmakter i spørsmål som gjeld utvikling av kommunen også i sentrum.

Både Volda og Ørsta har arbeidd aktivt for å få miljøskadeleg fjerntrafikk av tunge bilar ut av sentrum til beste for folk, handel og vandel: Volda med tunnelen gjennom Niven til Furene og Ørsta med fjordkryssing til nordsida av Ørsta-fjorden – begge prosjekta med støtte frå vegvesenet.

Volda og Ørsta kan støtte kvarandre gjensidig i desse tiltaka til beste for begge kommunane. Eit første krav er at fjordkryssinga må gå i tunnel under Raudøya og føreset at dei andre alternativa med bru frå Sørheims-stranda blir lagde til sides som uaktuelle. Det som elles vekkjer oppsikt er at vegvesenet gjer heilomvending ved å ville utsette Ørstafjordkryssinga, men følgje opp tunnelen gjennom Niven til Furene. På denne måten skaper dei splid mellom to kommunar som i utgangspunktet samarbeidde. Dette er klassisk maktspel. Det tragiske er at Volda og Ørsta med dette får ei verkeleg øydeleggande fjordkryssing på kjøpet:

Kystsoneplanar og truga livskvalitetar. Både i Ørsta og Volda kommune er det dei seinare åra lagt stor vekt på å utarbeide kystsoneplanar som innramar fjordmøtet for Ørstafjorden, Voldafjorden og Storfjorden med sine mange fornminner og historiske verdiar. Som oppsitjar og skattebetalar i området (på Voldasida av grensa til Ørsta) har vi fått planane til fråsegn både frå Ørsta og Volda kommune og oppfatta dei som alvorleg meinte.

Det er i planane peika på uvurderlege verdiar i eit rikt og kortreist fjordfiske og i flora og fauna på land og fjøre i det same området. Det omfattar så vel freda skogsområde (svartor) og hekkeplassar for sjøfugl, hegre (Vindfarholmen og Raudøya) og ørn.


Bompenger på E39:

Jobbar for samferdselspakke i Volda og Ørsta

E39-trafikken skal på sikt leggast utanfor Volda og Ørsta, men samferdselspakken skal få skikk på flyplasskryss, smale bruer og tilkomst til viktige næringsområde.

Volda kommune har regulert sjønært areal til hytte- og fritidsbustader for innbyggjarar både i Ørsta, Volda og regionen elles, og sikra allmenn tilkomst til sjøen. Området er flittig brukt til sjøfiske og friluftsliv. Og området høyrer saman med det einaste øy-arealet (Raudøya og Raudøy-holmen) for friluftsliv i Ørsta kommune og Yksnøya i Volda kommune som også er nytta i opplæringa til kystforankra friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Og alle desse vilkåra for livskvalitetar for innbyggarane i regionen er sikra i stadfesta planar.

Men etter å ha sett skissene frå vegvesenet om fjordkryssing og bruløysingar som Statens vegvesen la fram i møte med Ørsta og Volda kommune, miste vi munn og mæle. (Jf PP-presentasjon dagsett 27/04-2017. Planlegging av bruer, Ferjefri E39 – Møre og Romsdal ved Prosjektleder Jørn Arve Hasselø og Prosjekteringsleder Magne Gausen).

Etter lange utgreiingar om tekniske spørsmål om vindforhold og tekniske krav til bruer ved fjordkryssingar, kjem først på bilete nr. 55 ei skisse av fjordkryssingane av Ørsta-fjorden. Vegvesenet vil kople Ørstafjordkryssinga frå prosjektet om Volda-tunnel og knyte det opp til eit eige fylkesvegprosjekt.

Først på bilete nr. 55 ser vi løysingane frå Sørheimsstranda, også den med tunnel under Raudøya til Rjåneset. Denne er så vidareført med to alternative kryssingar til Hareidlandet – ei frå Katavika og eit frå Flåvika mot Hareidlandet og vidare mot Sulesund markert med enkle liner på kartet. Men det er ikkje den einaste informasjonen på bilete 55.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vårt spørsmål er kvifor desse sentrale opplysningane kjem så seint i presentasjonen? Svar på dette spørsmålet blir endå viktigare når vi ser nærare på innhaldet:

Det oppsiktsvekkande er at Vegvesenet legg hovudtyngda i arbeidet ved å peike på alternative bruløysingar frå området ved Berkneset og over til Yksnøy, Eika og Eiksund – 7-8-alternativ som svingar seg over hyttegrender, freda areal, seidegrunnene (Gnullen og Skallen) og dei fiskerike grunnare fjordslettene vest for Vindfarholmen og Hølen. Bruløysinga her vil vere fullstendig øydeleggande for alle kvalitetar som har med friluftsliv og fritidsverksemd å gjere.

I tillegg vil det øydelegge det meste som er søkt sikra i Kystsoneplanane for dette området. Bruløysing her, med sørvest som dominerande vindretning, vil vere ei forureinande lydkjelde som råkar både hyttefolk, fastbuande og friluftsfarande heilt nord til Steinnes, på øydeleggande vis. Korleis dette vil påverke dei verdifulle miljøkvalitetane i området Yksnøya, Eika og vidare utover i Eiksund kan vi berre undre oss over.

Dei som kjenner saka seier også at det er uaktuelt å endre Eiksund-sambandet til to løp – eit undersjøisk (tunnel) og eit oversjøisk (bru). Eiksund-sambandet tilfredsstiller ikkje stigningskrava og internasjonale krav om åtskilde løp. Derfor vil det bli aktuelt etter nokre års avvikling å stenge Eiksund-sambandet og leide trafikken i firefeltsbru over fjorden. Konsekvensane blir sjølvsagt øydeleggande for oss som bur i og brukar dette området til kvardags. Det blir uråd å ro stilt langs med landet lenger.

Spørsmål. Vil Volda og Ørsta kommune verkeleg la vegvesenet arbeide vidare med desse fjordkryssingane frå Berknes-området utan å mæle i mot? Vi veit at dette er skisser, men vi veit også at skisser er starten på planprosessar av dette slaget som gjerne tar nærare ti år å fullføre. Vi vil gjerne ha faglege grunnar på bordet til det som skjer. Det er framheva som ein av dei mest vesentlege kvalitetane ved det norske samfunnet at vi har tillit til dei offentlege tilsette, politikarane i kommunar, storting og styringsverk. Vi undrar oss også over kvifor ingen som var til stades på møtet – korkje fagfolk, politikarar eller journalistar – har presentert bilete 55 for folket i begge kommunane? Kva kommentarar har redaktørane i Møre, Møre Nytt og Sunnmørsposten til dette? Kva samfunnskontrakt har avisene med innbyggjarane i desse bygdene? Kva meiner politikarane om konsekvensane ei slik bru-løysing vil ha? Kva vil dei gjere for å få Ørstafjordkryssinga inn på den nasjonale transportplanen att utan at dette fører til tidsforskyving for realiseringa av Volda-tunnelen?

Sørheim og Steinnes grendelag
Berknesstranda hytteeigarlag

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Bruløysinga her vil vere fullstendig øydeleggande for alle kvalitetar som har med friluftsliv og fritidsverksemd å gjere

Leses nå
 

Forsiden nå:

Førpremiere på spillefilmen «Rett vest» på Ona:

– En skikkelig god-film