Lesarinnlegg:

«Strenge krav og store ambisjonar»

Jula er ei tid då forbruket er stort, både av mat, emballasje, varer og energi. Avfallshaugen vi etterlet oss er vi ikkje alltid like stolte over.

Ressurs Vi må gjere store endringar i våre daglege vanar og auke tempoet i omlegginga frå forbruksøkonomi til sirkulærøkonomi dersom vi skal nå måla i avfallspolitikken, meiner styreleiaren i ÅRIM. Her eit anlegg i Vestfold der det blir tatt biogass ut frå matavfallet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Avfalls- bransjen er ein gjenvinningsbransje der berekraft og samfunns-ansvar er søylene vi må byggje på

Reidar Andresen
Ytring

Og ein ting synast heilt klart. Skal vi møte framtidas krav må vi endre oss.

For å løyse klimautfordringa og dei andre store miljøutfordringane, som plastforsøplinga av havet, treng vi internasjonale reguleringar. Rett før jul (18. desember) kom EU med eit framlegg til kva regelverk for handtering av avfall dei ser føre seg framover. Dette er det som heiter sirkulærøkonomi. Altså ein økonomi der vi ikkje lenger bruker råstoffa berre ein gong, men nyttar materiala fleire gonger og i ulike former.

Årim om oppdraget sitt:

«Gjer ÅRIM det dei skal?»


EU legg opp til eit svært ambisiøst regelverk som set veldig store krav til at vi alle må endre vårt levesett. Og dei går detaljert til verks. Blant dei konkrete måla – og krava, som vert lista opp er desse:

• 55 prosent av hushaldningsavfallet og næringsavfall skal materialgjennvinnast innan 2025. Fem år seinare skal materialgjenvinninga vere 60 prosent.

• Matavfall skal kjeldesorterast innan 2023.

• 65 prosent av emballasjeavfallet skal materialgjennvinnast innan 2025 og 70 prosent i 2030.

Det nye avfallregelverket medlemslanda i EU no er samde om blir styrande for alt arbeidet vi i Norge driv innan avfallsektoren. Det aller viktigaste er at vi må halde oppe tempoet i dei endringane vi er i gang med, ja på mange områder må vi nok auke tempoet i omlegginga frå forbruksøkonomi til sirkulærøkonomi.

Kva har så dette å seie for kvardagen til oss som bur på Sunnmøre?

Først og fremst betyr det at vi er på rett veg. Sortering av avfall er ikkje lenger noko vi kan gjere berre fordi vi meiner det er rett og fornuftig.

I løpet av kort tid er det noko storsamfunnet pålegg oss. Og vi skal gjere det for å skape ei berekraftig framtid.

EU har store ambisjonar. Når EU krev at over halvparten av hushaldningsavfallet skal gå til materialgjenvinning i 2025 er det greitt å vite at vi i dag ikkje har nådd meir enn 38 prosent i Norge. Lokalt endå mindre. I praksis betyr det at vi alle ikkje berre må gjere eit realt skippertak, vi må gjennomføre ei endring av vanar.

Det betyr også at vi ikkje kan slå oss til ro med forbrenningsløysingar som var nyskapande på 1980-talet, vi må utvikle nye og meir framtidsretta løysingar.

Del 3: Skal matavfallet brennes eller gå til biogass?

På Grautneset forsvinner en tredel av varmen ut i fjorden

– Energien som en får ut av biogass er omtrent det samme som energien vi får ved å brenne avfallet


ÅRIM har ein avfallstrategi der vi tek innover oss dei krava vi no ser komme. Vi legg til grunn for all tenking at vi må auke den delen av avfall som går tilbake til nytt bruk. Avfallsbransjen er ein gjenvinningsbransje der berekraft og samfunnsansvar er søylene vi må byggje på.

Hovudsatsinga framover er likevel ikkje berre korleis vi best mogleg skal ta vare på ressursane avfallet representerer. Det viktigaste er å redusere den totale avfallsmengda. Dette gjeld alt frå matavfall frå hushald til bruk av emballasje og plast innan all varehandel og industri.

Også på dette feltet har EU lagt fram ambisiøse mål, med strenge krav til produsentane. Krava EU no vedtek er så omfattande og krevjande at det krev omfattande samarbeid og statlege verkemiddel for at vi skal nå dei.

Bingsa får nå driftstillatelse til nytt metallgjenvinningsanlegg

Starter endelig opp «gullgruve»-prosjekt

Etter at millioninntektene har uteblitt i Bingsa, ser det endelig ut til at det nye metallgjenvinningsanlegget kan starte å gi penger i kassa.