VG har på framsida av avisa nyleg fortalt at Volda sjukehus er best i landet på å gje rask hjelp etter hjerneslag. Frå før veit vi at Volda er i tetsjiktet i landet på fødselsomsorg. Sjukehuset scorar òg høgast i heimfylket på kor nøgde pasientar og pårørande er med sjukehuset. Eit lite sjukehus er like bra til å handtere akutte situasjonar og traume som det store sjukehus er.

Det er på høg tid at dei som sit og styrer i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg innser at det ikkje er storleiken på sjukehuset som avgjer om sjukehuset er levedyktig men folka som arbeider der og deira evne til å samarbeida til det beste for pasientane. Det er viktig at folk veit at det er tida frå ein vert sjuk eller skada til ein får hjelp som er avgjerande og ikkje at sjukehuset er høgt og breitt. Utviklingsplanen til helse Møre og Romsdal bør ein gong for alle spegle verkelegheita og vise at Volda er like viktig akuttsjukehus som det dei andre sjukehusa i fylket er.

Sissel Anita Øyen HareideVolda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.