Ytring:

«Ikkje nok å krysse fingrane»

Forfattaren av dette innlegget etterlyser meir merksemd om følgjene av internasjonale handelsavtalar.

Rolls-Royce Marine  Foto: Marius Myklebust

Ytring

Representantar for fagforeiningar i Rolls-Royce Marine var for ei tid sidan i Oslo for å treffe Mørebenken på Stortinget. Grunnen var uro for at denne sentrale bedriftsdivisjonen kan bli seld til utlandet, med øydeleggande konsekvensar for den sokalla maritime klynga sin kompetanse og mange arbeidsplassar.

Kva kan så stortingsrepresentantane gjere? Det er tydeleg at det er sjokkerande lite. Krysse fingrane for den maritime næringa og håpe det beste, ser ut til å vere det heile.

Gjennom dei bindande handelsavtalane som Norge alt har inngått, har utanlandske «aktørar», særleg frå EØS-området, sikra seg mot at nasjonale styresmakter kan favorisere lokale bedrifter framfor utanlandske. Fruktene av nokre få millionar ekstra i forskingsmidlar risikerer også fort å hamne i utlandet ved neste bedriftsoppkjøp og ditto flytting til utlandet…

Fagforeiningsfolk og leiarar i lokale bedrifter må ikkje vente til «bordet har fanga» på denne måten, før dei reiser til Oslo for å snakke med rikspolitikarane. Dette må gjerast når handelsavtalar er under forhandling. Og nye frihandelsavtalar er altså under forhandling!

Salg av Rolls-Royce Marine:

– Det er uro blant arbeidarane no. Mange fryktar det verste, at arbeidsplassen deira skal gå tapt.

Som tidlegare tillitsvalt i Rolls-Royce Marine fortel Per Halvard Garnes om eit selskap prega av fryktkultur, usikkerheit og lite kontakt mellom øvste leiing og grasrota.


Det ville vere interessant å vite kor mange det er som har teke turen til Oslo for å få vite meir om konsekvensane av den avtalen som Norge no forhandlar med Kina, eller av dei mange avtalane som EFTA no forhandlar om på vegner av Norge. Det er her snakk om heile 15 land, land som det ikkje er grunn til å spøke med som konkurrentar: Land som Ecuador, Filippinane, India, Indonesia, Malaysia, Argentina, Brasil, Paraguay, Uruguay, Vietnam.

Forhandlingane med Algerie, Russland, Hviterussland, Kasakhstan og Thailand er stoppa inn til vidare. Det same gjeld den svære 50-lands TiSA-avtalen som vi må rekne med dukkar opp igjen i ei eller anna form.

Handelsavtalar påverkar rammevilkåra for næringslivet. Gir avtalane opnare grenser, slik handelsliberalistane går inn for, vil det tene dei som i ein gitt periode er sterke og konkurransedyktige. Andre bedrifter kan derimot bli knekte av ein for hard konkurranse, og viktig kompetanse kan forsvinne ut av landet. Hittil har eg berre sett uromeldingar om desse forhandlingane frå norsk landbruk.

Dei har gitt uttrykk for at import av landbruksvarer frå Brasil og Argentina lett vil kunne knuse norsk landbruksnæring dersom EFTA-forhandlarane favoriserer eksportnæringane og gløymer resten. Det vil vere naivt å tru at desse landa ikkje også kan representere ein trussel for heilt andre deler av norsk næringsliv.

For oss som lenge har prøvd å få i gang ein grundigare debatt om handelsavtalane, er det forstemmande å vere vitne til at sentrale personar i lokalt næringslivet ikkje kjem på banen for å forsvare sine interesser før det er for seint. Å reise til Oslo og stire ned i ei politisk verktøykasse som ulike handelsavtalar har tømt, hjelper i alle fall lite.

Odd Tarberg
Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Rolls-Royce Marine

Fagforeningene med brev til næringsministeren: Kjempar for arbeidsplassane

Fagforeningane meinar det er viktig å sørgje for fortsett innovasjon og utvikling av havromsteknologi og jobbar for å bevare arbeidsplassane i Rolls-Royce Marine.