Dette kjem i tillegg til dei 600 som allereie er varsla blir sagt opp i Norge. Rolls-Royce Marine i Norge veit måndag føremiddag ikkje om dette vil ramme arbeidsplassar her i Norge.

Det er Rolls-Royce i London som har sendt ut pressemelding og børsmelding.

- Vi veit foreløpig ikkje meir enn det som står i børsmeldinga, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce i Ulsteinvik til smp.no tidleg måndag føremiddag.

Færre leiarar globalt?

Dersom ho likevel skal seie det ho trur kan skje, seier ho dette:

- Eg har inntrykk av at selskapet vil få ei endring i leiingsstrukturen i marinedivisjonen globalt framover, seier Wollebæk til Smp.no.

- I Norge skal alle endringsprosjekt gjennom grundige drøftingar. Så dersom det blir ytterlegare nedskjeringar her, reknar eg med at vi får vite det i god tid, seier Wollebæk.

Meir til forsking og utvikling

Konsernet opplyser at dei samtidig ønskjer å bruke meir pengar på forsking og utvikling.

Ifølgje Dagens Næringsliv ventar Rolls-Royce at kutta vil gi ei årleg innsparing på 40 millionar pund - om lag ein halv milliard kroner, med stegvise gevinstar frå 2016 og utover.