For å sikre norsk bemanning offshore kjem gamle forslag no tilbake med full tyngde:

Fjern taket på nettolønsordninga. Og innfør norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel.

– Dette blir meir og meir aktuelt. No ser vi at arbeidsplassane forsvinn, seier informasjonsansvarlig Morten Øen i Norges Sjømannsforbund.

63 offshoreskip er i opplag rundt Nordsjøen, ifølgje oversikten hos skipsmeklaren Westshore. Det er venta at dette vil auke til rundt 100 fartøy ved årsskiftet.

Har krisemøte tysdag

Tillitsvalde i Sjømannsforbundet, Norsk sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund møtest til krisemøte tysdag. Hensikta er å få ein betre oversikt over kva som er kvardagen til folk i den kriseramma flåten, slik Sunnmørsposten skreiv laurdag.

I tillegg skal dei tilsette førebuast på det juridiske i forkant av nedbemanningane som kjem. På møtet vil dei gjenta at nettolønstaket bør bort.

Fjerne taket på nettolønsordninga

– Vi har heile tida meint at å fjerne taket på den refusjonsordninga som blir kalla nettolønsordninga er eit av dei mest målretta tiltaka som kan gjerast på kort sikt, seier Øen til smp.no.

Også Nett.no har i dag skrive om saka.

Informasjonsansvarlig Morten Øen i Norsk sjømannsforbund.

Staten refunderer skattetrekket til sjømennene, men med eit tak på 229.000 kroner.

– Danskane og svenskane har ikkje eit slikt tak. Det vanlege rundt om i verda er ei form for skattefritak for sjøfolk, seier Øen til smp.no.

– Regjeringa har foreslått at passasjerfartøy skal få fjerna taket. Eg ser ikkje at regjeringa seier noko om offshore- og serviceflåten, seier han.

Norske løns- og arbeidsvilkår

– Så har vi dette med krav om norske løns- og arbeidsvilkår på norsk sokkel. Det er ein meir omfattande ting som vi også har meint lenge, seier Øen.

Finjuss og smutthol gjer dette meir komplisert.

– Regjeringa Stoltenberg arbeidde med dette, men ville ha ei så vasstett ordning som råd, seier Øen.

Tillitsvalt: – Rederiet har snudd kvar stein

– Noverande regjering hevdar at dei ikkje har lov til å innføre ei slik ordning med dagens internasjonale reglar. Men det er merkeleg når USA, Brasil og Australia har liknande ordningar, seier Øen.