Mindre aktivitet ved skipsverftet i Leirvik i Sogn er ifølgje selskapet den viktigaste årsaka til lågare inntekter, viser rapporten for tredje kvartal.

Havyard Group har kontraktar på plass til ein verdi av 2,8 milliardar, men konsernet treng påfyll med kontraktar på alle områder for å halde folk i arbeid, ifølgje rapporten i børsmeldinga fredag morgon.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Held fram nedbemanning

Selskapet opplyser at de held fram arbeidet med å nedbemanne og omstille seg. Havyard melde allereie i august at 100 av 680 årsverk her til lands skal vekk. 60 av desse skal kuttast ved Leirvik-verftet.

Ved utgangen av kvartalet bestod ordreboka av eit plattformforsyningsskip, eit serviceskip for vindmøller, ein brønnbåt og tre isbrytarar (AHTS-skip) for russiske FEMCO.

Tente mindre

Selskapet med hovudkontor i Herøy hadde inntekter på 493 millionar kroner i kvartalet, noko som gav eit resultat før skatt på fem millionar kroner. Driftsresultatet bikka over på minussida med 2,1 million.

Tala viser nedgang frå same periode i fjor då selskapet satt igjen med 17 millionar før skatt, av inntekter på 548 millionar, og eit positivt driftsresultat på 16 millionar.

(meir å lese under bilde)

Isbrytar Havyard testa nyleg isbrytaren «Aleut» ved Leirvik-verftet i  Sognefjorden. Det er planlagt dåp i Bergen 28. november. Foto: Havyard Group

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Ved utløpet av 3. kvartal viste rekneskapen frå Havyard Group samla inntekter så langt i år på 1.410 millionar (ned frå 1673 i fjor). Det gir eit resultat før skatt på 19 millionar (ned frå 60 millionar i fjor) - og eit negativt driftsresultat på 7,1 millionar.