Føljetongen etter at Sogn og Fjordane Fylkeskommune selde Fjord1-aksjar til ferjeselskapet Torghatten rullar vidare.

  • Kor mykje har Wiersholm fakturert Torghatten-konsernet dei siste 12-18 månadene?

  • Kva fylkesrådmannen fekk av informasjon om Wiersholms eventuelle koplingar til Torghatten, og i kva grad politikarane vart orientert?

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Det var den 23. november at fylkestinget bestemte seg for å selje 50 prosent av aksjane i F1 Holding til Torghatten. Det vart gjort med 16 mot 15 stemmer. Spørsmålet om advokatfirmaet vart då nemnt.

– Så vidt eg huskar så var temaet tatt opp, men det vart ikkje spesielt godt og konkret svart på, seier Malkenes til E24.

Les også leiar fradag 27.november: Ferjesalet ute i farleg farvatn

Omstridd

Salet av Fjord1-aksjane har skapt bruduljar mellom politikarane i Sogn og Fjordane, innad i Fjord1, og ikkje minst hos Fjord1-eigar Havilafjord AS som også ønskjer å kjøpe aksjane.

Politikarane som stemte imot salet til Torghatten har også kravd kontroll av om salet i det heile tatt var gjort på ein lovleg måte.

Siste ord er nok ikkje sagt i denne saka.