Når det er like langt til New-York mot vest, til Irland mot aust, Reykjavik mot nord og Azorene mot sør, så er du langt heimanfrå. Men slik var det for «Loran» i 1996, då mannskapet for første gong leitte etter fisk på eiga hand midt i Atlanterhavet.

– Det einaste vi hadde å halde oss til var eit russisk ubåtkart, fortel Ståle Dyb, skipper og ein av tre eigarar av autolinebåten «Loran».

Fisk fann dei, men då dei var tilbake nokre år seinare, litt lenger nord, gjekk det verre. Dag etter dag gjekk med rastlaus leiting. Kostbar vegn vart slite vekk på ein botn der det aldri før hadde stått ei line. På den sjette dagen er det endeleg full klaff. Blåkveite etter blåkveite vert drege inn i båten. Blåkveite er som gull å rekne for ein linefiskar. Og dette er blåkveite med ein storleik karane sjeldan har sett. Mismot og irritasjon vert erstatta med klondykestemning. «Snakk om flaks. Lukka er betre enn åtferda», tenkjer skipper Ståle Dyb.

Så ringer han heim til far sin på Godøya. Faren, Olav S. Dyb, var fiskar heile livet. Han brukte å ringe kvar dag for å få rapport om fangst og forhold. Men denne dagen ringer Ståle først. Før junior får sagt noko som helst kjem det frå faren på land: «Dokke fekk ho i dag.»«Kor du veit det», svarer Ståle.

«I natt bad eg for første gong i livet til Vår Herre om at dokke måtte finne eit kvart».

Ekte vare

Dette er dei verkelege havfiskarane. Alltid på jakt etter ein flekk med fisk. Gjerne i ukjente havområde. Og gjerne vert resultatet ukjente fiskar. Slik som då «Loran» var på den fjerne Hattonbanken i 2004. Opp frå djupet kom ein fisk som karane omtalte som «ei gravid brosme». Dei største var over meteren lange. Fisken var fin i kjøtet, slik mange djupvassfiskar er, så dette lukta det pengar av. Etter kvart kom det om bord 300 av dei ukjende fiskane, som ingen visste namnet på. Forskarar vart kopla på saka, og fisken vart identifisert som «spectrunculus grandis», ein sjeldan fisk som ingen hadde fått på line før. Det latinske namnet var sjølvsagt ubrukeleg for fiskarane. Fiskebåtredernes Forbund vart sett på saka, og dåverande informasjonsleiar Arill Riise, døypte straks skapningen for «loran-fisk.»

Frå vest – på grensa til storhavet. Det er her dei kjem frå den harde kjernen av linefiskarar. Dei som framleis driv på. Båtane har heimehamner som Bremanger, Måløy, Stadlandet, Grytastranda, og ikkje minst Godøya.

– Dette er dei mest vêrharde områda i Norge. Og eigarane er for det meste drivarar sjølve. Dette gjer at eigarskap og mannskap kjem tett på kvarandre, og det er kanskje årsaka til at denne tøffe drifta har overlevd i generasjonar, og vil fortsette med stø kurs inn i framtida, seier Ståle Dyb. Sjølv har han tre av borna sine om bord i «Loran», sønene Trond Olav og Ruben, og dottera Tonje.

Vest

Mot vest. Det er det det har handlar om for linefiskarane. Den norske eggakanten, havområda ved Færøyane, Rock All, Irland, Grønland, Island og Canada. Dette har vore heimebana, og reiskapen har først og fremst vore line.

– Linefanga fisk er sjølvsagt det beste av det beste. Den kjem inn over rekka, levande. Den vert bløgga, og blør i 30 minutt. Deretter kappa, sløyd og reinsa, og på nytt skylt. Etter to timar ligg den godt emballert i 25 kuldegrader i frysaren. Det kan aldri bli betre og ferskare. Line er ein passiv reiskap, og ein miljøvennleg måte å fiske på. Det må vere som musikk i øyra på dei partia som er interessert i naturen, seier Ståle Dyb.

Heilag grunn

Denne vinteren har han og mannskapet på «Loran» vore på sjølvaste Flemish Cap utanfor Newfoundland. Norge har framleis ein lite kvote i dette området. Og no er torsken tilbake etter ein lang periode med freding. Tre norske linebåtar skal fiske den vesle norske kvoten. «Loran» var heldig og fekk gevinst i loddtrekninga.

– Vi fiskar på historiske rettar som linebåtar opparbeidde frå tiåra etter krigen. Og i 2013 reiste «Atlantic» frå Måløy bort og fann ut at det igjen var fisk å få på line der. Det var litt av ei bragd, seier Ståle Dyb.Dei grunne bankane ved Nord-Amerika er heilag grunn for torskefiskarar. Allereie Leiv Erikson merka seg at det var torsk her. Baskarane og portugisarane fiska her før Columbus reiste vestover. Og mang ein norsk skipper har kava rundt i skodda der den kalde Labradorstraumen frå Nordpolen møter det varme vatnet i Golfstraumen.

– Vi drog bort 16. januar og har fiska 25–40 tonn om dagen. Så dette har vore både eventyrleg og artig, men også hardt arbeid for karane. Det har blitt ein del gjø (senebetennelse). Men det går nok over, seier Ståle Dyb.

Lenge var det fritt fram, men så kom fiskerigrensene på 70-talet, etterfølgt av strenge kvotereguleringar. Og linefiskarane stod ikkje først i køen når norske kvotar skulle fordelast.

– Derfor var det heilt nødvendig å strukturere, og få fleire kvotar for torsk og hyse i Barentshavet. Denne fisken er lett å fange og gir god pris, seier Ståle Dyb.Spis eller bli spist. Det er dette strukturering handlar om. Skal nokon få seg ein ny kvote, så må ein annan gi seg. Det vil seie: Bli kjøpt ut.

– For vår del bygde vi også om «Loran» for 40 millionar, på toppen av kvotekjøp for 80 millionar for tre-fire år sidan. Dette var ei investering som var heilt nødvendig, men no haustar vi fruktene, seier Ståle Dyb.

Opp og ned

Det er nok av dei som har spådd undergang for det til tider ulønsame autolinefisket. Det har vore nokre år med raude tal i rekneskapen – også for «Loran»

– Svingingane har alltid vore der, både når det gjeld bestandar og prisar, men fiskeria har alltid bestått. Derfor er det utruleg viktig å ha kunnskapsrike bankrådgjevarar som er levande interesserte i næringa, og som ikkje berre slår av datamaskinen klokka 16.00, seier Ståle Dyb, og insisterer på å få nemne to namn.– Ein slik kar, Louis Nordstrand, vart pensjonert frå Innovasjon Norge i fjor, og ein annan er Einar Fiskerstrand i Sparebanken Møre. Mange familiar i distriktet kan takke desse karane for solide og sikre båtar, kvoterettar, gode arbeidsplassar og skikkeleg inntekt.Men det handlar om meir enn pengar for den som skal lukkast, seier Ståle Dyb, og siterer ein tidlegare lineskipper, Knut Arne Høyvik.

– Kapitalen og kvoterettar er tilnærma verdilause, dersom det vert lausrive frå kunnskapen.Det er rundt 25 autolinebåtar tilbake, kvar av dei med eit mannskap på 30–40 menn – og nokre få kvinner.

– Akkurat no har autolineflåten medvind. Det er lettare dagar no enn for tre-fire år sidan, og vi hadde eit rekordår i fjor, med fangst for over 100 millionar kroner. Krona er svak og det er bra for fiskeprisane. Det er god tilgang på fisk, og råstoffet er rimeleg.

Og ikkje minst: Mannskapet er stabilt. Vi har fått lære opp mange flotte ungdomar, spesielt frå Godøya, Valderøy og Vigra, og dei har blitt verande om bord. Eg er evig takknemleg for å ha hatt eit mannskap som kan dette med line, og har kunnskap og kompetanse. Det gjeld sjølvsagt også dei som har gått i land, seier Ståle Dyb.

Frå vest

Torsdag var «Loran» heime igjen frå Newfoundland. I lasta låg knappe 300 tonn.

– Å kjempe i lag på havet i motgang og medgang, og til slutt lukkast ein dag, med full last og god klaff. Deretter å segle mot land. Det er utruleg kjekt, det gir eit kick. Det er sikkert som å vinne ein siger for Liverpool eller United. Og eg må vel ta med begge, eller så bli eg straffa, seier skipper Ståle, og legg til.

– Så står du der oppe i styrehuset, før i tida var du dynka i Old Spice som du fekk på utførselen, men i dag er det vel meir edlare dropar, i alle fall for ungdomane. Så kjem du inn mot land, frå vest, og du ser landet dukke opp, og turen er vellukka. Då er det glede.

– Det einaste vi hadde å halde oss til var eit russisk u-båtkart.

Ein nøgd gjeng frå «Loran», etter lossinga i Ålesund torsdag. Frå venstre: Stian Eidem Rogne, Torgeir Borlaug, Axel Oscarsson, Niklas Lillehamre, Jonas Dimmen Andersson, Arthur Fylling, Isak Dyb, Joakim Thuen, Jonas Dyrseth, Liudas Maciunas, Ruben Dyb, Christer Østigard, Sindre Larsen, Freddy Nordvik, Jannis Costaris, Jan Audun Godø, Trond Olav Dyb. Framme: Yuri Titov og Espen Fredriksen.
<strong>Autoline:</strong> «Loran» vart bygd i 1999, og ombygd for fire år sidan. Foto: Privat
<strong>Røynsle:</strong> Jan Audun Godø er veteran på «Loran», og ein av medeigarane. Foto: Ståle Dyb/»Loran»
<strong>Krok:</strong> Ståle Dyb i rorhuset på autolinebåten «Loran». Foto: Jan Audun Godø/ «Loran»