Reiarlaget Rem Offshore vil slanke styret frå fem til tre medlemmar. Ut går islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson og to av barna til avtroppande Rem-sjef Åge Remøy, går det fram av innkallinga til generalforsamling sendt ut tysdag.

– Ettersom eg vert styreleiar, vert det fort eit habilitetsspørsmål i styret dersom også to av mine eigne born skal vere styremedlemar. Difor går både Fredrik (Remøy) og Maria (Remøy Aurvåg) ut, seier Åge Remøy til næringslivsavisa Nett.no om bakgrunnen for endringane.