Krillfiskeselskapet Emerald Fisheries frå Fosnavåg har eit konkurskrav hengande over seg, sidan dei skuldar 13,2 millionar kroner i moms, forseinkingsrente og omkostningar.

Saka var venta å få avklaring denne veka, men så langt i veka er behandlinga i tingretten utsett to gonger.

Utsett på ubestemt tid

Søre Sunnmøre tingrett skulle behandle konkurskravet mot selskapet 30. august. Partane møttest i retten, men Skatt Midt-Norge gjekk med på å gi selskapet meir tid. Nytt møte i retten blei sett opp måndag 19. september. Saka blei så utsett til tysdag 20. september, men er no igjen utsett. Denne gong på ubestemt tid.

Trur konsernet finn ei løysing

Emerald Fisheries er eit selskap i Olympic-konsernet i Fosnavåg. Stig Remøy er eigar. Konsernet jobbar no med å få orden på gjeldssituasjonen.

Analysesjef Karl-Johan Molnes i Norne Securities er ifølgje E24 ganske optimistisk i forhold til at Olympic vil finne ei løysing.

– Olympic Shipping har fått på plass dei utsettingar ein kunne vente, og kjem nok til å få forlenging til dei finn ei løysing, seier Molnes til E24.

Treng friske pengar

Han viser til at selskapet har solid flåte, med mange spesialfartøy og relativt få plattformstøtteskip. Dei trenger friske pengar for å kome seg gjennom nedgangssyklusen.

Molnes meiner selskapet ikkje hadde hatt problem, viss ikkje alle andre hadde det. Problema deira er knytt til ein litt for stram avdragsprofil. Dei treng berre litt meir kapital, kombinert med litt lettare gjeldsvilkår.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no