Eitt av skipa som allereie er lagt i opplag er Rem Provider.
            (Foto: Rem Offshore)

Eitt av skipa som allereie er lagt i opplag er Rem Provider.Foto: Rem Offshore

Tre nye Rem-skip i opplag

Vil påverke om lag 70-80 tilsette, seier Arild Myrvoll i Rem Offshore.

Torsdag blei det offentleg at Rem Offshore tek tre nye skip i opplag. Det gjeld:

  • Rem Supporter
  • Rem Server
  • Rem Mermaid

Frå før har selskapet fire skip i opplag.

– Vi har beslutta å legge tre skip i opplag. Det er tre PSV-skip (supplyfartøy), seier administrerande direktør Arild Myrvoll.

– Det er sjølvsagt ufatteleg kjedeleg å gå ut med slike nyhende. Men dessverre er marknaden slik som han er, og det må vi ta konsekvensane av. Vi såg ikkje andre alternativ.

Rem Supporter og Rem Server blir tatt ut umiddelbart, medan Rem Mermaid framleis går på ei kontrakt og blir lagt i opplag når kontrakten er avslutta seinare i haust.

– Tung avgjerd

– Kva konsekvensar får dette?

– Det får først og fremst konsekvensar for dei tilsette, seier Myrvoll.

Han har ikkje nøyaktige tal på kor mange det gjeld, men anslår 70-80 tilsette totalt.

Kva er planen for desse?

Intensjonen er å permittere dei. Vi vil sjølvsagt også prøve å flytte over tilsette til andre skip der vi har moglegheita til det, seier han.

– Det er tungt å ta ei slik avgjerd, som råkar så mange menneske. Men vi er ikkje i nærleiken av å dekke utgifter til mannskap slik det er i dag. Vi har kome til eit punkt der vi ikkje har noko val.

Åge Remøy opnar for Solstad-sal

Åge Remøy har ikkje forsona seg med korleis Aker gjekk fram då dei senka Rem Offshore.


Fusjon

Avgjersla har ingen ting å gjere med fusjonen med Solstad, seier Myrvoll.

– Det var ei sjølvstendig vurdering som vi måtte gjere.


Når det gjeld den endelege gjennomføringa av fusjonen, så er det første som står på planen ekstraordinære generalforsamlingar i selskapa den 10. oktober. Då skal fusjonen formelt vedteke.

– Så skjer den endelege gjennomføyringa i månadsskiftet november-desember, seier Myrvoll.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Alarmklokkene ringer for AaFK:

«Folkets lag» gir sine beste råd

11 råd mot AaFK-nedrykk

Mange kamper uten seier og nest sist på tabellen fire kamper før sesongslutt i Eliteserien. Vi spurte 11 tilfeldige personer på gata i Ålesund: Hva er ditt beste råd til AaFK for å unngå nedrykk?