Han tek over etter Trygve Aasland, som slutta før ferien.

Fora Form omsette i fjor møblar for ca. 137 millionar kroner, og fekk eit resultat før skatt på 2,8 millionar.

Historia til Fora Form starta i 1929, då Jens E. Ekornes og Petter P. Langlo etablerte Møre Kurvmøbelfabrikk AS, i 1931 endra til Møre Lenestolfabrikk AS.

Namnet Fora Form AS blei teke i bruk i 1997, og i 2013 vart Fora Form seld til Lammhults Design Group.

I dag er Fora Form leverandørar av stoler, sittegrupper og bord til kontraktmarknaden.

Fora Form har om lag 50 tilsette, 40 av dei arbeider ved anlegget i Ørsta.