– Vi var nyleg på ei messe i Sverige, der vi lanserte det patenterte beslaget MK5. Vi kjem til å satse på å få innpass i den svenske marknaden, seier Karl Inge Rekdal, administrerande direktør i Sykkylven Stål AS.

Messa dei profilerte seg på var Interior Competence & Components og er ein viktig møtestad for den svenske møbelindustrien.

Ein forskjell

Sykkylven Stål har brukt to år på å utvikle det nye produktet, og Rekdal trur at alle som sit i ein stol med dette patentet vil merke ein forskjell:

– I motsetnad til andre stolar glir ikkje setet framover når du legg deg bak. Dermed er heller ikkje skjorta dregen ut av buksa, slik mange vanlegvis opplever når dei reiser seg opp av ein vanleg stol, legg Rekdal til.

Han seier at løysinga, som dei har patentert i heile Europa, gjev designarane ein stor grad av fridom til å utvikle ulike design av både stolar og sofaer.

Det er altså Stordal Møbel som var først ut til å nytte det nye MK5-konseptet på sine to variantar av stolen «Leaf».

– Vi har nytta designarar frå Permafrost i Oslo til å teikne stolane, fortel Jan Ove Øvrebust, marknadsansvarleg for Stordal Møbel i Norge.

Øvrebust seier at dei lanserte stolane like før jul, med gode tilbakemeldingar.

Lette

– Mellom anna sørger dette konseptet for at stolane blir ganske lette, og dermed enklare å handtere. Ikkje minst vil «Leaf» passe inn i mindre leilegheiter, meiner Øvrebust. Fagmøbler har fått eineretten på å selje «Leaf» i Norge.

Karl Inge Rekdal i Sykkylven Stål ser for seg at MK5-konseptet etter kvart blir nytta av fleire norske møbelfabrikantar.

Konseptet er utvikla lokalt i hos bedrifta i Sykkylven, med støtte frå Innovasjon Norge.

Det skal vere med på å nå målet til Sykkylven Stål om ein vekst på ti prosent i 2017.

I 2016 omsette dei for ca. 45 millionar kroner.

Sykkylven Stål leverer ikkje berre til møbelindustrien, men også til den maritime næringa – og til havbruk. Bedrifta har 35 tilsette.

Karl Inge Rekdal er administrerande direktør ved Sykkylven Stål AS. Foto: Nils Harald Ånstad