Brødrene Aa i Hyen offentleggjorde måndag at dei skal byggje tre hurtigbåtar for ein kinesisk kunde. Verdien på kontrakta er på kring 250 millionar kroner.

Zhongshan-Hong Kong Passenger Shipping Coop heiter kunden som skal nytte båtane i rute mellom Hong Kong og den kinesiske byen Guangzhou. Dei tre katamaranane er ein milepæl i arbeidet til verftet med å kome inn på den kinesiske marknaden.

Sikra arbeid til 2019

Samstundes betyr at det at dei tilsette er sikra arbeid i lang tid framover. Bygginga av båtane vil ta til ved Hyen-verftet allereie neste månad.

– Til vanleg har vi ganske korte horisontar på bygging av hurtigbåtar, men den siste båten i denne kontrakta skal leverest i juni 2019. Det sikrar arbeidsplassane, seier administrerande direktør Tor Øivin Aa til smp.no.

I utgangspunktet betyr ikkje desse kontraktane at dei treng fleire tilsette. Dei siste åra har verftet har 140-150 tilsette, men er no oppe i 170 tilsette. I dei mest hektiske periodane med utrustning av båtane, blir det i tillegg leigd inn underleverandørar.

Asia-partnar

Tor Øyvin Aa er andre generasjon i verksemda som faren og onkelen starte i etterkrigsåra i ei fjordarm av Nordfjorden, tre mil forbi Sandane.

Verftet har i dag vorte den leiande produsenten av hurtigbåtar og har sidan 2001 levert 56 hurtigbåtar i karbonfiber.

(saka held fram under)

I 2015 kjøpte Hong-Kong-baserte Che Kong Shipping Enterprises seg inn i verftet. Målet var å kapre fleire jobbar på den kinesiske marknaden, og dei har allereie levert to båtar som opererar mellom Hong Kong og Guangzhou.

Dei nye båtane blir bygd i karbonfiber og vil ha ei toppfart på kring 40 knop. Alle blir 42 meter lange, og to av dei vil ta opptil 300 passasjerar, medan den siste vil ta opptil 230 passasjerar.

– Det er på båtar i 40 knops-området, med lange operasjonstider, ein verkeleg får tatt ut effekten av å bygge i karbonfiber. Lettare båtar gjev betre driftsøkonomi og lågare utslepp, seier Aa.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Rekordinntekt –  men underskott

Rekneskapa for i fjor viser ei rekordhøg omsetnad på 280 millionar kroner for verftet. Men grunna store tap på prestisjeprosjektet Vision of the Fjords, blei det også eit stort underskott på 25 millionar før skatt.

– Dette var eit utviklingsprosjekt som blei forsinka og påførte bedrifta stor kostnadar. Vi hadde også eit hektisk  byggeprogram elles, som gjorde at det forplanta seg til andre prosjekt. Slik sett blei det eit spesielt år for oss, seier Aa.

Når det kjem til omdøme har likevel turistbåten med hybriddrift vore gull verd, og vart mellom anna kåra til Årets Skip. Katamaranen er sett i drift på Nærøyfjorden, og fraktar turister nærast lydlaust rundt på verdsarvfjorden.

Hyen-verftet har også sikra seg jobben med å bygge eit søsterskip – «Future of the Fjords» - som skal ha heilelektrisk framdrift og leverast i mars 2017.

– Har dokke lært til bygginga av dette skipet?

– He-he, joda. Det har vi absolutt, seier Aa.