(Møre-Nytt): Då «Ramoen» la til kai på Vartdal laurdag morgon var det nesten eit historisk sus over det heile. For det var Grønlandsfiskeria som var berebjelken då Vartdal hadde si stordomstid innan fiskeri på 50 – og 60-talet.

– Det har vore både spennande og travelt, seier Babelon Suleman Kere. Han er ein av fire lærlingar som for tida arbeider på fabrikktrålaren, som hadde eit mannskap på 28 på denne turen. Babelon går i lære som fiskar, etter to år på vidaregåande skule.

Historisk sus

Medan ein Grønlandstur i gamle dagar kunne vare i fem- seks månader, var det gjort på fem veker for «Ramoen». Då var to av dei «steaming», altså overfarten fram og tilbake, inkludert ei tøff runding av «Kapp Farvel».

«Ramoen» har fiska på ein liten norsk blåkveitekvote, som går på rundgang mellom trålarane, slik at det går ni år mellom kvar tur.

– Det var godt fiskeri, så det har gått i eitt, seier Thomas Nesset frå Ålesund, ein av dei andre lærlingane.

Fire lærlingar

Fire lærlingar om bord er ikkje kvardagskost i fiskeflåten. Atle Vartdal i Ramoen-reiarlaget seier reiarlaget ønskjer å stille opp for ungdomar som vil bli fiskarar.

–Det er stor pågang frå opplæringskontoret om både lærlingplassar og kadettplassar, seier Vartdal.

Daniel Romestrand Aarseth (19) frå Vartdal er ein av dei andre lærlingane. Han skal utdanne seg til å bli reparatør av filetfabrikken, eller Baader-reparatør som det gjerne heiter, sidan Bader er det dominerande merket.

– Eg har gått to år på vidaregåande i Ørsta, og vart spurt av Atle Vartdal om eg ville byrje om bord. Eg har fått veldig god opplæring av dei eldre reparatørane, og håper å få halde fram, seier Daniel Aarseth.

Det ser lovande ut.

– Vi tok inn Daniel fordi vi visste han hadde talent som mekanikar. Eg reknar med at han kan gå sjølvstendige vakter alt neste år. Broren hans har også spurt om plass, han er berre 15 år, så han er ute i god tid, fortel Atle Vartdal i Ramoen as.

Gode pengar

Det har vore gode tider i havfiskeflåten, og ein fiskar på ein trålar kan ha ein årslott som få på land kan konkurrere med. I kjent fiskarstil vil ikkje lærlingane snakke om løn.

– Men det er nok ikkje mange lærlingar som tener meir enn oss, seier Babelon Suleman Kere

Han har nyleg flytta til Bergen, men har vakse opp i Ørsta. Familien hans flykta frå det afrikanske landet Liberia, og han kom til Ørsta seks år gammal. Han budde ved småbåthamna og starta fiskarkarrieren med kasteslukstong frå land i Ørstafjorden.

– Eg har alltid likt å fiske, og draumen har vore å kome på ein båt. No er draumen oppfylt. Her om bord har vi blitt tatt imot med opne armar, fortel han.

Han har vore på «Ramoen» i eitt år. For det meste står han i fabrikken, med seks timar på og seks timar fri, døgnet rundt.

– Det handlar om å jobbe effektivt, å pakke fort, og å få bra kvalitet. Du må ha full innsats og vise at du er interessert, seier han.

Saka vart først publisert av Møre-Nytt