Karsten Sævik ny konsernsjef i Kleven

Tidlegare sjef ved Ulstein verft, blir ny toppsjef på Kleven.

Karsten Sævik er ny toppsjef i Kleven. Arkivbilde 

Næringsliv

Karsten Sævik (55) er tilsett som ny konsernsjef i Klevenkonsernet, opplyser Kleven i ei pressemelding tidleg onsdag.

Sævik er busett i Ulsteinvik og har dei fem siste åra vore konsernsjef i Remøy Group og administrerande direktør i Remøy Shipping. Tidlegare var han administrerande direktør ved Ulstein Verft i seks år.

– Vi er svært glade for å ha fått Karsten Sævik inn som ny konsernsjef i Kleven. Han har solid og relevant bransjeerfaring, og kjenner utfordringane i industrien godt. I tillegg har han den lokale forankringa vi ønskte oss, seier styreleiar i Kleven, Leif Teksum, i meldinga.

Det er ikkje klart når Sævik startar i stillinga. Finansdirektør Olav Tanberg held fram som konstituert konsernsjef inntil vidare.