Heider til Kjersti Kleven

Kjersti Kleven er tildelt «OSJ Lifetime Achievement Award» på årets Offshore Support Journal Conference & Awards i London.

Kjersti Kleven. Arkivbilde.   Foto: Andre Pedersen

Næringsliv

Kleven, den største privateigde skipsverft-gruppa i Norge, har navigert gjennom nedturen i olje- og gassektoren ved å gå inn i nye marknader, inkludert fiskeoppdrett, kabellegging og passasjerbåtar, heiter det i grunngjevinga. Kjersti Kleven har også ei rekke styreverv, inkludert komiteen som gir råd til den norske regjeringa om maritim strategi.

Tidlegare har Idar Ulstein og Per Sævik fått same utmerking. Det har også mannen bak den populære UT-designen hos Rolls-Royce Marine, Sigmund Borgundvåg.

– Det ligg utfordringar framfor oss. Likevel er denne tildelinga oppmuntrande, sa Kleven under tildelinga i London i går. – Eg trur på skipsbygging i Europa, og eg har ei sterk tru på all maritim industri i Europa.

Ho sa vidare at viktigheita av maritime klynger ikkje kan overdrivast, og at den maritime industrien har ei lang framtid.

– Skipsbygging har vore dømt som eit solnedgangsføretak mange gonger. Men vi er her framleis, og vi er her for å bli. Den maritime industrien skaper verdiar for 90 milliardar US dollar i året og skaper jobbar for 540.000 menneske, sa ho.

– Havet er vår viktigaste ressurs, og når du skal ta vare på, hauste, utforske eller til og med nyte havet, så trengst det skip. Vi har den maritime teknologien og ferdigheitene til dette både no og i framtida.