Rolls-Royce Marine

Fagforeningene med brev til næringsministeren: Kjempar for arbeidsplassane

Fagforeningane meinar det er viktig å sørgje for fortsett innovasjon og utvikling av havromsteknologi og jobbar for å bevare arbeidsplassane i Rolls-Royce Marine.

  Foto: Johan Slåttavik / Vikebladet Vestposten

Næringsliv

(Vikebladet): Fagforeningane NITO, Tekna, FLT, Fellesforbundet, Lederne og Negotia har sendt brev til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen der dei ønskjer å opplyse regjeringa om viktigheita ved å bevare dei i alt 1.600 arbeidsplassane i Rolls-Royce Marine.

Styret i britisk-kontrollerte Rolls-Royce har som kjent vedtatt at dei ønskjer eit sal av Rolls-Royce Marine, helst heile verksemda.

NITO er mellom dei som no oppfordrar leiinga i Rolls-Royce, lokale og nasjonale politikarar, arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgjeverforeiningar til å jobbe for at eit eventuelt sal vil sikre selskapet gode og industrielle eigarar med langsiktige perspektiv.

Dei ønskjer eigarar som vil vidareføre verksemda på Sunnmøre, men som også gjer sitt for å halde på kompetansen innanfor den maritime næringsklynga, frå utdanning og opplæring av sjøfolk til forsking og utvikling. Sist men ikkje minst, eigarar som legg til rette for vidareutvikling av produktporteføljen gjennom innovasjon innan maritim teknologi og havromsteknologi.

Denne saka ble først publisert på Vikebladet.no