Fleire bønder i distriktet går saman om å starte opp eit slakteri og lokalmatsenter i Vestnes. Målet er å starte bygging neste år, og vere i drift frå 2016.

– Etableringa vil bidra til kortare dyretransportar, auka dyrevelferd, meir kortreist mat og bedre lønnsemd for den enkelte bonde, seier styreleiar Dag Helge Lianes i det nyoppretta selskapet MR Slakteri i ei pressemelding.

Følg smp.no på Facebook

Sentral plassering

Etter at Nortura la ned sine slakteri i Ålesiund og Molde, må mange slaktedyr i dag transporterast heilt til Malvik i Sør-Trøndelag. Vestnes som plassering er valt fordi det er sentralt plassert i fylket. 75-80 % av kjøttprodusentane vil kunne nå det nye slakteriet med ei transporttid på under 2 timar, ifølgje initiativtakarane.

– Det vert lagt opp til å slakte både storfe, småfe og svin i det nye slakteriet, og det er òg eit mål å samarbeide med andre aktørar i kjøttbransjen i Møre og Romsdal, heiter det i pressemeldinga.

Etableringa vil gi fleire arbeidsplassar og det er eit ønskje om å skape eit miljø for kjøttfagarbeidet. Det vart behov for opptil 15 arbeidstakarar etter kvart. Slakteriet vil slakte for engrosmarkedet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Lokalmatsenter

Dei same initiativtakarane: Ole Bjarte Lindset, Paul Solberg og Per Johnny Nordvik, alle frå Vestnes kommune, samt Dag Helge Lianes frå Ørskog og Rune Haram frå Haram - står bak selskapet MR Lokalmatsenter. Her er målet at ein skal foredle slakt av spesielt høg kvalitet ved lokalmatsenteret planlagt i Tresfjord.

For dei som ønskjer å etablere seg i lokalmatmarknaden, vil det vere muleg å foredle eige slakt her.

– Gjennom dei åra eg har arbeidd med lokalmat og  kjøttkvalitet har eg sett behovet for ei verdikjede som satsar på lokal og regional mat. Eg er svært glad for at denne verdikjeda no vert etablert med bønder i Møre og Romsdal som dominerande eigarar og gler meg til å bidra til ei spennande utvikling, seier Rune Haram, som er styreleiar i MR Lokalmatsenter.