På Kystvegkonferansen i Fosnavåg la førsteamanuensis ved Institutt for strategi og logistikk på BI, Amir Sasson, om verdiskapinga ved å bygge veg – ikkje berre kostnadene.

Han var oppteken av at det å bygge veg ikkje var for å frakte lastebilane mellom to ulike område, men at det handla om å bygge vegar slik at ein kan transportere kunnskapsbaserte medarbeidarar mellom økonomiske «øyar».

Flytte mellom jobbar

- Og vegane vi bygger skal også flytte den nye generasjonen mellom ulike jobbar. De er pensjonistar når vegen er ferdig, utfordra han deltakarane på konferansen.

Sasson har laga ei verdiskapingsanalyse på Kystvegen mellom Ålesund og Bergen. Ved å binde saman klyngene eller dei økonomiske øyane Haugesund og Stavanger, vil ein utløyse ei auka verdiskaping på vel 17 milliardar kroner.

Ved å knyte saman Søre Sunnmøre og Ålesund er talet 5,5 milliardar kroner.

Tilsette meir verd på Sunnmøre

Men det er meir folk i Stavanger og Haugesund, for ser ein på auka verdiskaping per tilsett, så er Sunnmøre på topp. Ved å bygge saman Søre Sunnmøre og Ålesund, vil verdiskapinga auke med 134.000 kroner per tilsett. I Stavanger/Haugesund er den 113.000 per tilsett.

Ved å knyte saman Sunnmøre får ein også sterkare effekt enn ved å knyte saman regionar lenger sør. Samanfallet mellom klynga sør om Breisundet og nord om Breisundet er nesten totalt.

Følg smp.no på Facebook

Vil eksplodere

- Det betyr at klyngene er nesten like. Om ein koplar desse økonomiske øyane saman, vert klynga nesten dobbel, det vil eksplodere og bli eit mykje større område.

Sasson viste også tal for kryssing av Sognefjorden. Bru over fjorden vil berre utløyse ein verdiauke på 700 millionar kroner, 48.000 kroner per innbyggar.

- Vi må starte prosessane der det er mest lønsamt for storsamfunnet, var Sasson si oppmoding.