Ulstein verft legg ned produksjonen ved avdelinga i Vanylven. Årsaka er at bedrifta skal spare pengar, ifølgje ei pressemelding sendt ut tysdag.

Samstundes opplyser selskapet at alle dei 28 tilsette ved avdelinga vil få tilbod om jobb i Ulsteinvik.

– Alle er informert, men eg veit ikkje kor mange som vil takke ja, seier verftsdirektør Kristian Sætre til smp.no.

Direktøren vil ikkje opplyse kor mykje pengar bedrifta sparar på å legge ned avdelinga på Fiskå.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Verftet som har kring 400 tilsette, har førebels sloppe unna permitteringar av tilsette, men Sætre seier at dette vert vurdert fortløpande.

Det var forventingar til at verftet skulle offentleggjere ny kontrakt før jul, men det skjedde ikkje. Direktør Sætre vil førebels ikkje fortelje noko meir om dette, men seier at dei har spanande ting på gang.

Ingen vert oppsagde av dei 28 tilsette som jobbar ved avdelinga som leggjast ned. Foto: Anne-Mari Tomasgard