Havyard aukar satsinga si i Asia. Hallvard Fosnavaag (51) er tilsett som ny leiar for Havyards kontor i Singapore og får ansvar for marknadene i Asia (utanom Kina) og Midt-Austen.

Fosnavaag er utdanna sjøkaptein og har segla på fleire typar offshorefartøy.

– Det er veldig spennande å ta fatt på denne jobben. Eg har ikkje jobba med sal før, men håper eg vil kompensere for det med kunnskap om båt, seier Fosnavaag i ei pressemelding.

Gisle Vinjevoll Thrane, salsdirektør i Havyard Design & Solutions meiner at ein nøkkelfaktor for å lykkast i alle marknader, kanskje spesielt i Asia, er å vere til stades og bygge langsiktige relasjonar.

Havyard har hatt eigne tilsette i Kina sidan 2009. Men sjølv om ein også har vore aktive i Singapore, har det vore utfordrande å betene marknaden berre med folk som reiser frå Norge.