Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og regional- og næringssjef Bergljot Landstad omtalar den utskjelte næringa i positive ordelag i ei sak til regional- og næringsutvalet som dreiar seg om ei høyring i samband med rapporten frå pelsdyrutvalet som kom i fjor.

Berekraftig

Eit fleirtal på fem gjekk inn for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, medan mindretalet på tre ønska styrt avvikling.

Dei to fylkesbyråkratane argumenterer med at pelsdyrhald utnyttar lokale ressursar, og er med og løyser eit avfallsproblem for næringsmiddelindustrien ved å bruke restar frå kjøtt- og fiskeforedling som fôr.

Dei seier det så sterkt som at ei avvikling av pelsdyrproduksjonen i Norge, ville vere dramatisk for sysselsetjing og verdiskaping i mange norske bygder, og ville også ha ringverknader for næringsmiddelindustrien.

Nye driftsformer

Dei peikar på at det er synleggjort utfordringar i dyrevelferd i pelsdyrhaldet, men legg til grunn at dette vert teke tak i gjennom forsking på nye driftsformer, skjerpa regelverk, betre dokumentasjon og hyppigare kontroll.

Guttelvik og Landstad rår til at fylkeskommunen skal slutte seg til fleirtalet i pelsdyrutvalet og støttar ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa i Norge.

I utgreiinga vert det peika på at pelsdyrnæringa held oppe verdiskaping og busetjing i marginale område.

Øye i Hjørundfjorden er eit godt døme på det. I denne vesle bygda finn vi halvparten av produsentane i fylket.

Slepp å destruere

I staden for at avfall frå kjøt- og fiskeforedling går til destruksjon, kan avfallet nyttast til for til pelsdyr. Heile 80 prosent av pelsdyra sitt fôrinntak, er avfall frå næringsmiddelindustrien. Og nasjonalt er det snakk om nesten 50.000 tonn avfall frå fisk-, fjørfe- og kjøttforedling som blir til pelsdyrfôr årleg.

Å skulle destruere dette ville gitt industrien store meirkostnader. Pelsdyra utnyttar dermed ein ressurs som elles ville ha vorte eit avfallsproblem, går det fram av utgreiinga.

Gjer som fleire enn 21.500 andre - lik smp.no på Facebook

<strong>POSITIV:</strong> Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik ser fleire fordelar med pelsdyrnæringa. Arkivfoto: Alexander Worren