Fisk for fleire millionar kroner skal ha forsvunne frå ei fiskebedrift på Valderøya i Giske, melder NRK Møre og Romsdal.

No er ein av dei tilsette ved bedrifta Scanprod meld til politiet for å ha stole store mengder fisk frå fleire ulike bedrifter. Fisken skal ha vorte selt til ei anna bedrift - på Ellingsøya.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Førebels er tre personar sikta for brot på avgifts- og likningslova. Politiet undersøker samstundes påstandar om skatteunndraging. Etter det NRK kjenner til, var starta saka å rulle etter at Skatteetaten starte undersøkingar. Også Mattilsynet er kopla inn i saka fordi politiet er usikre på kvar fisken kjem frå.

Politiet held førebels korta tett til brystet.

– Det er alvorleg, og vi er i ei etterforsking, og ein del av denne etterforskinga vil jo knyte seg opp mot omfang, mellom anna, seier politiadvokat Hilde Haugen ved Sunnmøre politidistrikt til kanalen.