Fora Form fekk onsdag overrekt ein diplom med garantibevis frå Tussa-24. Møbelbedrifta i Ørsta har fått avtale om at dei skal få levert 100 prosent fornybar energi dei neste tre åra.

- Vi er midt i kraftkommunen Ørsta, men når Tussa sa at berre ein tredjedel av energien er fornybar i Ørsta og at resten var kolkraft og atomkraft, så trudde eg det nesten ikkje, seier salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.

Dette gjeld heile kraftområdet som Norge er ein del av. Skandinavia, Finland og Baltikum er med i denne totalen.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Miljøeffekt

Sporsheim fortel at bedrifta blir nedringt av folk som kan tilby ulike typar miljøsertifiseringar. Det hadde blitt dyrt og tidkrevjande om dei skulle gå inn på alle, og det er heller ikkje råd å vite kva type sertifikat dei ulike møbelkjøparane vil krevje. Men bedrifta tenkjer miljø i alt dei gjer.

Avtalen om fornybar energi er eit supplement til ei lang rekkje tiltak som Fora Form har gjennomført siste åra.

No skal dei betale 0,5 øre ekstra per kilowatt dei brukar. Pengane vil gå til auka satsing på fornybar energi. Sertifikatet og den treårige avtalen bedrifta har gått inn på med Tussa, vil ifølgje Sporsheim ikkje vise særleg i rekneskapstala.

- Gevinsten her er miljøeffekten, seier han.

Energi frå eldhus

Fabrikken på Mosflata i Ørsta har allereie redusert miljøpåverknaden ved å kople seg på fjernvarmenettet til Ørsta Eldhus, som leverer varme ved å brenne restavfall frå skogsindustrien.

-Forbruket er redusert med 20 prosent frå 2013 til 2014, seier Sporsheim og legg til at dette gjeld i forhold til omsetninga. Og den har auka.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Dei har også innført energiovervaking gjennom Enøk-senteret, for å få god oversikt og kontroll med forbruket sitt.

I tillegg har dei teke eit tydeleg standpunkt i val av materiale til produkta, og har ei god handtering av avfall frå produksjonen.

Kostar ekstra

Gjennom den nye kontrakten vil Fora Form få sertifisert kraftforbruket sitt som 100 prosent fornybart.

I praksis betyr det at bedrifta betaler eit påslag til kvar kilowattime som vert øyremerka utbygging av meir fornybar energi, ikkje berre i Norge.

Dei får gjennom ordninga kraft med opphavsgaranti, som garanterer at krafta kjem frå fornybar produksjon.

Kraftproduksjonen frå Tussa er deklarert som hundre prosent fornybar, ifølgje energirådgjevar Frank Vatne i Tussa. Men inn på straumnettet kjem det energi både frå kol- og atomkraftverk.

- I Ørsta er det sannsynleg at krafta kjem frå Tussa sine anlegg, seier Vatne.

Rundt 30 avtaler

Ifølgje Margrete Heltne Hovde, salssjef energi i Tussa, har eit trettitals bedrifter gått inn på avtale om 100 prosent fornybar energi i Tussa-området. Dette er bedrifter både innan industri, men turistnæring, offshore og bankar.

Fora Form er i dag ein del av Lammhults Design Group, og miljøprofilen til det svenske konsernet er godt etablert. Gjennom tiltaka som Fora Form har gjennomført lokalt, leverer dei godt innanfor dei strenge krava dei vert møtt med frå kundar og samarbeidspartnarar i bransjen, heiter det i pressemeldinga.