Det vart løyvd 75.000 kroner frå Vekst i Stordal til eit forprosjekt, men ifølgje Storfjordnytt blir midlane ført tilbake. Eigarane i møbelbedrifta Vad i Stordal lanserte for kort tid sidan planane om å starte opp landets største fjøs for okseavl.
Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no
Planane har stranda fordi det ikkje vil vere råd å få tak i nok kalvar, seier Håkon Vad til Sunnmørsposten.
Han fortel at det var berekna at dei ville trenge minimum 1200–1500 oksekalvar i året.
– Og det har vi fått opplyst hos Nortura blir vanskeleg å få til, mellom anna fordi det blir stadig færre bruk igjen i Norge, seier Vad.
– Kva skjer no?
– Noko må vi vel finne på. Vi har jo 8.500 kvadratmeter som står ledig i Stordal. Men om det blir landbruksrelatert eller noko anna, det må vi sjå nærare på.
Det er familien Vad som gjennom Vad Eiendom ser etter nye moglegheiter for det tidlegare fabrikkbygget i Stordal etter at Vad AS flytta all sin produksjon av møblar til utlandet.