Fjord1 må notere seg for eit dårleg økonomiske resultat i 2012, og no vil selskapet kutte dei årelege kostnadane med 40 millionar.

Eitt av sparetiltaka er å legge ned kontoret i Molde.

Det er 32,5 årsverk ved kontoret, som no forsvinn frå byen. Ingen av dei tilsette vert oppsagt, men får tilbod om jobb ved kontoret i Florø.

Følgsmp.no på Facebook

Underskott på 99,2 millionar

Tala frå rekneskapen for 2012 syner eit underskott i Fjord 1 på på 99,2 millionar av ein omsetnad på 2,4 milliardar.

Omsetnaden er om lag 500 millionar lågare enn i 2011 grunna sal av bussdrifta. Driftsresultatet før avskrivingar vart på 310 millionar.

Fjord1 er det største ferjeselskapet her til lands med 44 samband i drift. Selskapet har dryge 1200 tilsette over heile landet.

Tapar på ferjeanbod

Administrerande direktør i Fjord1 Leif Øverland innser meiner selskapet har vore for aggressive i anbodene sine.

Særleg er det kontraktar inngått før 2009 som gir tap. På desse får dei berre kompensert for endringar i konsumprisindeksen.

– Løns-, vedlikehalds- og drivstoffkostnadene i vår bransje aukar langt utover dette, seier Øverland og viser at det berre desse utgiftene forverra resultatet med 40 millionar.

Lesflere næringslivsnyheter på smp.no

Utelukkar oppseiingar på fartya

Sjølv om ingen av dei tilsette i Molde vert oppsagde, ligg det i korta at administrasjonen til saman skal slankast. Tre av ti direktørstillingar vert fjerna i leiinga av selskapet.

Men Øverland utelukkar oppseiingar på sjøsida og seier dei tvert i mot heile tida er på jakt etter ny arbeidskraft om bord i fartya.

Han meiner selskapet skal klare innsparingane på andre måtar.

– Vi skal rett og slett vere smartare i korleis vi drifter ferjene, seier han.

Betre innkjøpsavtaler, redusert forbruk av drivstoff, nye turnusar og bruk av ny teknologi er mellom tiltaka han peiker på. Øverland seier óg at selskapet i framtida vil endre på tidspunkta for når drifta går frå høgsesong til lågsesong på ein del samband.

Likevel optimist

Trass i at han er klar på at rekneskapen for 2012 er dårleg - og «trist lesning» - meiner Fjord1-sjefen at selskapet kan sjå optimistisk på framtida.

– Vihar sikra verdiane i selskapet gjennom dei grepa vi gjorde ved å selje oss utav bussverksemda og Fjord1 Transport medan de enno var kjøparar.

Selskapet har ein eigenkapital på dryge 1,1 milliardar, noko som gjer at Øverland ikkje treng å misse nattesømnen på grunn av likviditeten.

– Vi er likevel optimistiske og skal vere agressive i kampen om anbod i framtida, seier han.