– Sparkjøps etableringar er langsiktige og vi har som regel at vi skal eige våre anlegg sjølv og fordi vi tenkjer langsiktig, legg vi også ned noko meir i kvalitet og i løysingar enn det som gjerne er vanleg for ein konvensjonell utleigar, skriv selskapet sjølv.

Selskapet som vart starta i 1962 i Bergen, vert i dag drive av Tom Eide Knudsen og Iwan Eide Knudsen som er søner til grunnleggjaren.

Dersom dei får lov å kome til Digernes, tilbyr dei 28 arbeidsplassar som utgjer 17 årsverk.

Følg smp.no på Facebook

Digernes - framfor Breivika

Selskapet vurderte å etablere seg i Breivika, men dei vil helst kome til Digernes som ligg betre til, og har større plass både for kundar og varetransport.

– Dette er svært positivt for Skodje kommune. Mange pendlar ut frå kommunen, så 28 nye arbeidsplassar er viktig for oss, seier ordførar Terje Vadset.

Kommunen har søkt fylkesmannen om undantak frå kjøpesenterforskrift.

Frå før har varehuskjeden etablert seg i Kristiansund, men har ingen butikker på Sunnmøre:

– Det vil vere ei attraktiv etablering for regionen med sin profil om å drive lenge. Dei høge krava til kvalitet i løysingane vil løfte dei urbane kvalitetane i Skodje, skriv grunneigar Digerneset næringspark.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

– Stor etablering

Ikkje minst kjem ei slik etablering til å tilføre regionen nye arbeidsplassar.

– For Skodje er 28 nye arbeidsplassar ei stor etablering. Dette vil også vere attraktive arbeidsplassar for dei barnefamiliane som flyttar til kommunen. Mangelen på arbeidsplassar medfører stor utpendling og her er ein omfattande handelslekkasje, skriv Digerneset næringspark.

Dei har avtalt sal av tomt til Sparkjøp. Det som manglar for å tilføre 28 arbeidsplassar er å få godkjent nødvendig areal til detaljhandel.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Undantak

Det er søkt fylkesmannen om undantak slik at det er mogeleg å bruke meir enn 3000 kvadratmeter til detaljhandel.

Søknaden gjeld 3000 kvadratmeter til den nye butikken til Sparkjøp, og samtidig for 1500 kvadratmeter i den nordlege delen av den nye Rema 1000 bygningen.

Rema opna her dagelegvarebutikk 2. mai. Her er det folk som vil drive apotek og sportsforretning. Ingen av naboane har innvendingar til dette og Skodje kommune tek imot ein kvar ny arbeidsplass med opne armar.