– Dette fører oss ikkje nærare ei løysing i kvotestriden

Makrell-boikott av Island og Grønland vil ramme norsk fiskeindustri, meiner Sjømat Norge.

Fiskebåt bad denne veka norske styresmakter om å vere restriktive med å la den islandske- og grønlandske flåten levere makrell til norske mottak.

I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet viser Fiskebåt til at Island og Grønland står utanfor kyststatsavtalen på makrell, samtidig som dei driv omfattande fiske etter makrell utanfor sine eigne økonomiske soner.

– Fiskebåt meiner at den islandske og grønlandske fiskeflåten ikkje skal få levere sine makrellfangstar til Norge, så lenge dei krev ein urettmessig stor del av makrellkvoten, og vel å stå utanfor ein kyststatsavtale, skriv Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt, i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet

– Rammar norsk fiskeindustri

No svarer Sjømat Norge.

Eit forbod mot landingar av makrell frå Island og Grønland vil berre ramme norsk fiskeindustri, meiner dei.

– Vi byggjer ned norske mottak på denne måten, seier fagsjef i Sjømat Norge, Kyrre Dale.

– Då Noreg stogga Færøyingane for nokre år sidan på same måten, bygde dei opp ein ny og effektiv industri der borte. Det har gjort sitt til at vi i Noreg har mista råstoff. Den fisken vert seld i konkurranse med norskprodusert fisk. Vi blir med andre ord skadelidande, seier Dale til Sjomatnorge.no.

– Forslaget om landingsnekt blir heilt feil veg å gå. Å sette i verk einsidige tiltak fører oss ikkje nærare ei løysing i kvotestriden, seier Kyrre Dale.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Tarjei Bø vil gå alle distanser i OL

Tarjei Bø har lagt de siste sykdomsproblemene bak seg, og mener at han skal være i fullt slag til verdenscupstarten i Östersund.