Torskeyngel. Illustrasjon.
            (Foto: Knut Arne Aarset)

Torskeyngel. Illustrasjon.Foto: Knut Arne Aarset

Mykje torskeyngel i nord

Etter to labre år er det no mykje torskeyngel i Barentshavet, melder Havforskningsinstituttet.

Årets mengdeindeks for torskeyngel ligg langt over gjennomsnittet. 2017-årsklassen kan betegnast som sterk, melder Havforskingsintituttet.

Om det er ny rekord er umogleg å seie på grunn av mangelfull forsking. Barentshavet vart dekka med tre norske fartøy og eitt russisk, men det russiske forskingsfartøyet, «Vilnius», måtte kutte den nordaustlege delen av Barentshavet på grunn av dårleg tid.

Dermed kan mengdeindeksane for torske-, lodde- og sildeyngel vere underestimert, melder havforskarane.

Dei mangelfulle målingane viser at sild, lodde og hyse omtrent er på gjennomsnittet i yngelmengde.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Endrer "åpningstidene" i Innfjordtunnelen

Entreprenøren skal nå jobbe hver kveld og natt i partallsuker.