Regjeringa tok ut løyvinga til Sett Sjøbein på 2,5 millionar kroner, i sitt forslag til statsbudsjett for 2018. Sidan har både KrF og Venstre lagt dei inn igjen i sine alternative budsjett, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

– Vi reknar ikkje med å få vite noko før i desember, seier Janita Arhaug, leiar i Sett Sjøbein, til Sunnmørsposten.

Organisasjonen er finansiert over statsbudsjettet med 2,5 millionar kroner, og med to millionar frå næringa sjølv.

Ifølgje Arhaug er det eit stort behov for å synleggjere sjømatnæringa for ungdom.

– Det er mykje mangelfull informasjon om sjømatnæringa blant ungdom, lærarar og foreldre, seier Arhaug etter tre år i jobben.

Får skryt frå departementet

Statssekretær Roy Angelvik (Frp) i Nærings- og fiskeridepartementet er for så vidt raus med rosen av Sett Sjøbein, sjølv om dei vil ta bort støtta:

– Prosjektet har vore fantastisk bra. Søkarmassen til marine fag er opp på alle trinn. Tala er kjempegode. Så no er vi i mål, i alle fall midlertidig. Då har vi valt å nedprioritere tiltaket i denne omgang, seier Angelvik til IntraFish.

– Dette er eit arbeid som krev kontinuerleg innsats, svarer Arhaug overfor Sunnmørsposten.

Ikkje første gong

– Det unike med Sett Sjøbein er at heile breidda av næringa, både fiskeri, havbruk, industrien på land og leverandørindustrien får synt seg fram for ungdomen, seier Janita Arhaug.

– Ungdom og folk flest anar ikkje at det er enormt mange ulike typar jobbar i næringa. Nesten uansett kva dei utdannar seg til så kan dei faktisk sikte seg inn mot ein spanande jobb i sjømatnæringa, seier ho.

Janita Arhaug i Sett Sjøbein. Foto: Privat